Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er du blant dei 6 som ikkje brukar refleks?

Elinor Bolme Torsdag 17. oktober 2019

17. oktober er den nasjonale refleksdagen, og både Trygg Trafikk, Sparebank 1, NAF og Gjensidige markere denne årlig. Og det trengs nok, for mange av oss som ferdas ute i trafikken no når det er mørkt, manglar refleks.

Les heile saka

Full trøkk på Bygg-Reis-Deg 2019

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. oktober 2019

Det er jamnt med folk og stor interesse for våre produkt, fortel marketingsjef Heid Snekvik når vi spør korleis det går på Bygg Reis Deg 2019 på Lillestrøm. nettportalen til messa rapporterer om besøksrekord for første dag på messa, med over 10.000 innafor dørene. Talgøkonsernet eksponerer sine produkt på 2 stander i år – ein stand for element og støyskjermer og ein stand MøreRoyal-produkter, der den nye kolleksjonen Concise Collection har fått mykje plass.

Les heile saka

Laurdag: Klart for lokal handledag på Matkroken

Jon Olav Ørsal Torsdag 17. oktober 2019

Laurdag 19. oktober er den store handledagen for alle butikkar som er med i Merkurprogrammet for levande utkantbutikkar over heile landet. Matkroken Todalen er ein av desse butikkane, og komande laurdag blir det liv både i Kaffekroken, der det blir servering av bakels og graut til gratis kaffe – og i butikken der mange gode tilbud skal gjera det ekstra lønnsomt å handle denne laurdagen.

Les heile saka

Bygg reis deg 2019 – tidenes største byggmesse

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. oktober 2019

Bygg Reis Deg 2019 starta i dag kl 10 på Lillestrøm. Sia 1950-talet er dette byggmesse nr 28, og aldri har vel satsinga vore større enn i år. BRD 2019 reknar med over 40.000 besøkande dei 4 dagane messa varer. Av lokale utstillarar så er Talgø på plass med to stander – ein for Talgø MøreTre og ein frå Talgø Bygg og KIAS Døren (Kvanne Industrier) som har fått eit godt fotfeste med sine spesialdører.

Les heile saka

Ny runde med trim

Elinor Bolme Onsdag 16. oktober 2019

Surnadal Pensjonistlag startar i morgon opp att med den populære aktiviteten «Trim for eldre» på Landbrukshuset på Skei. Her blir det muligheit for å trene på enkle øvelser som gjer godt for å fungere optimalt i kvardagen.

Les heile saka

Forsøk på gruvedrift i Neådalen/Storlidalen?

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. oktober 2019

Todalen historielag har fått en interessant henvendelse fra Harald Taagvold i Oppdal, som lurer på om det er noen som har kjennskap til at det har foregått skjerping/muting i området innerst i Neådalen, men på Oppdalsiden av fylkes-/kommunegrensen. Stedet er vist med et kryss på vedlagte kart, og i tillegg har Taagvold sendt med flere bilder som er vist nedenfor.

Les heile saka

Fotpleie

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. oktober 2019

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 28. oktober og tysdag 29. oktober. Det er mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]

Les heile saka

Historia engasjerer bygdefolket

Jon Olav Ørsal Måndag 14. oktober 2019

Det var godt oppmøte og stort engasjement på temamøtet om stadnamn langs Toåa eller Storelva som mange seier. Det var Todalen historielag som inviterte til temamøte eller nærare sagt arbeidsmøte, der det var høve til å studere kart og avisutklipp som var lagt ut på borda. Leiar i historielaget, John Moe, var imponert over det gode frammøtet, og håpa å få mange namn på kart og bilder som var lagt ut på borda.

Les heile saka


Minner om internasjonal bygdekveld i Storstua

Jon Olav Ørsal Måndag 14. oktober 2019

I samband med innsamlingsaksjonen som i år går til CARE minner vi om den Internasjonale bygdekvelden i Storstua på kulturhuset tysdag 15. oktober kl. 18. Arrangementet er gratis og bys på mykje god underhaldning – mellom anna koret WOX og kulturskulen som byr på mykje song, musikk og dans. Lotteri med mange flotte gevinstar frå lokal bedrifter og privatpersonar.

Les heile saka

Oldtidsfunn – problem for parkeringsplass ved kyrkja?

Jon Olav Ørsal Måndag 14. oktober 2019

Vi kjenner til at det er planlagt ny parkeringsplass ovafor kyrkja. Den er tenkt som eit supplement til dagens parkeringsplassar framfor kyrkja og mot Husbygeilen. I dag starta gravinga for å undersøke om det er skjulte oldtidsfunn i området for den nye parkeringsplassen.

Les heile saka

I kveld: Temakveld om namn langs Toåa

Jon Olav Ørsal Måndag 14. oktober 2019

Måndag 14. oktober kl. 19:00 inviterer Todalen historielag til temakveld kveld i Todalen ungdomshus. Denne kvelden er det namn langs Toåa som er hovudaktiviteten, men det blir vist mykje bilder på storskjerm og i fotoalbumar, så det kan eigentleg bli litt tå kvart denne kvelden, seier leiar i historielaget John Moe. Vi er rett og slett ute etter å skaffe oss info om ting som vi ikkje veit nok om.

Les heile saka