Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hallsetleigmålet fra historielaget

Ingri og Ragnhild i Scannarpatrulja Sundag 29. mars 2020

Vi flyttar oss no frå Ansnesleigmålet og innover fjellet til Hallsetleigmålet med bilete frå fotoarkivet til Todalen historielag. Her ligg setrene for Oppistua og Nestua på Hallset. Bernt Bøe skriv i Seterboka for Todalen at det har vore mykje flytting av setrene i Hallsetmarka. Ei tid hadde dei felles seteranlegg på same stad som Oppistusetra ligg i dag. Nestua leigde seg seterrett ei tid på Talgøfjellet, der seterhus var bygd på Hanshaugen. Meir om Hallsetsetrene er det verdt å lese om i seterboka. Vi har lite bilete av setrene på Hallset frå gamalt av i arkivet, men har her samla eit utval  frå fotoarkivet til historielaget, og nokre bilete frå nyare tid lånt av private. Vi tek også med nokre bilete av hyttene på leigmålet.

 

Publisert: 29. mars 2020, 09:00