IL Søya har dei seinare åra rusta opp både løypenettet og nærområdet på Vang skiarena. Dei har bruka mykje dugnadsinnsats til å tilrettelegge lysløype, gapahuk, akebakke og den populære Strengentraséen. Kvaliteten på løypenettet har gjort at området har vorte eit ynda turmål, både fra nært og fjern.
Les heile saka
Julerevy er tradisjonelt ein del av julefeiringa i Todalen – den høyrer liksom med og har gjort det så langt attende som vi kan hugse. Det er jammen ein god tradisjon å føre vidare og med storsalen full av publikum er det og tydeleg at folk sett pris på julerevyen. Frå år til anna har det vore generasjonsskifte i revystaben, og slik er det i år – mange nye er komne med i revyarbeidet, og på mange måtar har julerevyen fått ein ny giv.
Les heile saka
I morgen, lørdag 28. desember kl. 14, arrangerer Ski- og friidrettsgruppa barn i løypa på skøyter på Bordholmen. Det blir ishockey-kampar og rundar rundt isbanen med tidtaking.
Les heile saka
Vi minner om kveldens arrangement i Ungdomshuset – julerevyen «Todalen Ymseri». Dørene opnar kl. 20 og billettar får du kjøpt ved inngangen. Her er det sal av mat og drikke, og det blir mulegheit for ein svingom. Og så den store spenninga, da: Kven får heidersprisen – «Den Gyldne Patron»?
Les heile saka
Årets romjulsmarsj er historie. Nok ein gong var det stor deltaking med ca 170 personar som var ute på årets trivelegaste luftetur rundt bygda. Idrettslaget hadde som vanleg drikkestasjoner både på Bruset og i Sandstadkrysset med både kakao og gløgg i koppen. Nytt av året var gratislotteri på Bruset med mange fine premier. For dei som var så heldige å trekkje rett nummer i alle fall.
Les heile saka
Er det du som har mista brillene dine under Romjulsmarsjen i dag? Eit par briller vart under marsjen funne ved Pilskaret. Brillene har «gullinnfatning» og det ser ut som dei har fått seg ein liten trøkk. Brillene er levert inn på Matkroken Todalen, og rettmessig eigar kan få dei att der, når butikken opnar laurdag kl. 10.00.
3. juledag er kommet og det er berre å finne fram godt fottøy for å bli med på årets Romjulsmarsj. Det er trimgruppa som er arrangør av denne årelange tradisjonen kor alle i Todalen går mann av huse for å få litt friskluft og ikje minst treffe sambygdinger rundt bygda.
Les heile saka
Billettane til julerevyen 2019, «Todalen Ymseri», er no lagt ut for sal på Matkroken Todalen. Vi tenkte å være tidleg ut med tanke på at det kanskje kan være ei høveleg julegåve til familie, eller vener og kjente, seier Knut Bergli i Todalen Idrettslag som er arrangør. Billettane kostar kr 150 pr stk., og kan kjøpast i kassa på matkroken. Julerevyen «Todalen Ymseri» går av stabelen 3. juledag, fredag 27. desember kl. 20.00 i Todalen ungdomshus.
Les heile saka
Vi i redaksjonen ønskjer alle våre lesarar ei riktig god og fredfull jul! Vi helsar til alle – både fjern og nær – som er med oss på Todalen.no. Hittil i 2019 har vi hatt til saman 454.000 besøk frå 104 land. Det er ein auke på 6,5% – som vi er veldig godt nøgd med!
Les heile saka
Julaftan var det mange som starta den tradisjonelle julefeiringa med gudsteneste i Todalen kyrkje. Det var Einy Rendal Elgsæther som var liturg under gudstenesta og vi fikk ta del både i juleevangeliet og i dagens preken som hadde det evige evangeliet som dagens tema.
Les heile saka
2. juledag (torsdag 26. desember) inviterer Pakkhuset Kro på Todalsøra til open pub frå kl. 21.00 og utover. Det blir konkurranse med juleQuiz med premiering. Da kan du treffe «innfødte» og utflytta todalingar til ein triveleg pubkveld. Alle er velkomne til ein triveleg pubkveld på Todalsøra!
Fjord1 melder at det må påregnes forsinkelser i sambandet på grunn av lokalt sterkt nedsatte siktforhold.