Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Silje fekk den siste vaktheimelen for veterinærar i Surnadal og Heim

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. desember 2020

I førre veke vart 4 vaktheimlar for veterinærar i Surnadal og Heim kommunar tildelt. Ein av dei som fekk vaktheimel trekte seg, og i dag vart det kjent at Silje Mogstad Finstad frå Rendalen i Innlandet fylke, får den ledige vaktheimelen. Silje er oppvaksen på gard med mjølkeproduksjon. Ho har vore med som «budeie» på heimsetra om somrane og arbeidd som avløysar i ungdomsåra. Ho er difor godt kjent med mjølkeproduksjon og storfe, og ser på landbruket som sin «lidenskap» og si faglege styrke.

Les heile saka

Årsskrift med godt og variert innhald frå Stangvik historielag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 5. desember 2020

«I nesten 20 år hadde Østbøen og Østbødalen eit offisielt namn som ingen bruka». Første artikkelen i årsskriftet til Stangvik historielag er historia om ei heilt spesiell og interessant namnesak. Årsskriftet har eit svært variert og interessant innhald; både eldre og nyare historie og med korte stubbar, dikt, rim og regler og lengre artiklar og med innhald frå alle grendene i gamle Stangvik kommune.

Les heile saka

Surnadal Kunstforening med «Haustlys-LOTTERI»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. desember 2020

Som for så mange andre, blir òg Surnadal Kunstforening si verksemd råka av Koronasituasjonen. Med bakgrunn i dette har kunstforeninga starta eit digitalt lotteri dei har kalla «Haustlys-LOTTERI 2020». Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps fram til 31.desember. Trekninga skjer i løpet av veke 1 i 2021. 

Les heile saka

Lysglimt i mørketida på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. desember 2020

Slik tida er no er, blir det heller ingen sosiale samlingar på Nordvik i adventstida 2020, alt er avlyst. Men styret i Grendalaget oppfordra sambygdingane sine til å ta på refleksvestar, gå ut på tur og legge turen om Forsamlingshuset torsdag kveld. Styret lova da «et lite lysglimt i denne ellers mørke tida».

Les heile saka

Då landvinden kom med spanskesjuka

Guro Redalen Torsdag 3. desember 2020

Få av oss hugsar spanskesjuka, ein influensapandemi som herja i 1918-19. I årets Jul på Nordmøre har Eivind Hasle sitert frå distriktlegen i Surnadal, Torkel Arup Schive Seip, som skreiv i 1919 «Iakttagelser under influenzaepidemien», der han viser korleis smitten følgjer samferdselsvegane i kommunen, og der han mellom anna fortel ei historie frå Todalen som […]

Les heile saka

Ein heilt uverkeleg start på dagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. desember 2020

Det var kommentarane til Svanhild Kvendset som oppdaga at det var eld laus i heimen hennar og ektemannen Ola.  Svanhild fortel at det var vakne tidleg, men at dei oppdaga at det var unormal røyklukt på soverommet. Svanhild stod opp og var ned i 1. etasjen og der var det meir røyk. På tur ned lofttroppa løyste røykvarslarane ut og det vart eit forferdeleg leven.

Les heile saka

Brann på Ørmo

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. desember 2020

Det brenn akkurat no på Ørmo i Ørsalbukta. Bebuarane er teke hand om og flytte til eit nabohus. Det lokale brannvesenet var raskt på staden og fekk etter kvart forsterkningar frå Surnadal Brannvesen. Brannen vart fort sløkt, men blussa opp att etter ei lita stund. Brannen er no sløkt, men ettersløkking pågår. 

Les heile saka

Koronavaksina som vi ventar på…

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. desember 2020

Vi hører rett som det er at det blir gjort framskritt og positive testresultat frå dei som driv og utviklar koronavaksine.  Vi høyrer og at regjeringa har «hengt seg på» og kjøpt vaksinar som dei skal tilbyd det norske folk heilt gratis, slik at den som vil skal få ta ei vaksine.  Det blir no forska og testa for fullt, og det er antyda at dei første dosane med vaksinar kjem ein gong utpå nyåret.  Måndag 30.11.2020 la surnadal kommune ut informasjon om korleis dette omfattande vaksinasjonprogrammet vil bli organisert og gjennomført:

Les heile saka

Månadens bilete for november

Mari B. Redalen Måndag 30. november 2020

Med bare nokre timar ígjen av november slepp vi laus kåringa av månadens bilete, for årets nest siste månad. Det er mange fine fotografi å velge mellom denne gongen også

Les heile saka

Stemningsfull julegrantenning i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Måndag 30. november 2020

Sjølv med strenge reglar for å hindre koronavirusets spreiing, vart det ei flott og stemningsfull julegrantenning.  Eit førtital møtte opp for å delta på julegrantenninga, sjølv om arrangementet var noko amputert og uten gang rundt juletreet.  Likevel trur eg folk trivdes og tykte det var koseleg og treffast for å feire ting i lag. 

Les heile saka

Årets siste kløvertur

Dordi Jorunn Halle Måndag 30. november 2020

No tek kløverturen juleferie. Siste kløverturen i 2020 var lagt til Tjønnmyrane. 15 deltakarar gjekk tur og avslutta sesongen med triveleg samling i gapahuken. Men over nyttår blir det nye turar.

Les heile saka

Nordvik Grendalag med digital basar!

Dordi Jorunn Halle Sundag 29. november 2020

Nordvik Grendalag minner om den digitale basaren. Siste dag for loddkjøp er 3. desember.
Nordvik Grendalag melder at i år blir førjulsbasaren på Nordvik digital. Ein kan alt kjøpe lodd ved å VIPPSE til 98505. Prisen for eit lodd er 50 kroner. Det er viktig å skrive namn på meldinga når ein vippsar. Loddsalet har alt starta, og ein kan kjøpe lodd fram til 3. desember. Trekking ved styret Grendalaget i 7. desember.

Les heile saka