Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julequiz med kamp om poenga

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. desember 2023

Femte juledag inviterte Todalshytta til julequiz, med Sondre Halset og Mari Redalen som quizmastrar.  Det var bra deltaking og det vart ganske fort ein hard kamp om poenga og jamnt i teten.  I runde i quizen relatert til julen, medan dei tre neste omgangane vart kalla blandadrops med nøtter.  

Les heile saka



5. juledag med julequiz på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. desember 2023

Lort Phillips og Todalshytta har sendt oss en julehilsen som vi skal formidle til gjester, kunder, venner og hjelpere med ønske om God jul og Godt nyttår! Men Lorten synes det blir litt stille i hytta i jula, og inviterer derfor alle som ønsker det til en Julequiz 5. juledag (fredag 29. desember).

Les heile saka

Nyttårskonsert med TrondheimSolistene

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. desember 2023

Tradisjonen tru, opnar Surnadal kulturhuset nyåret med besøk frå TrondheimSolistene – denne gongen med Gjermund Larsen som gjestemusikar, når dei inviterer til nyttårskonsert fredag 5. januar klokka 19:00. Tilbake er også cellisten Øyvind Gimse som musikalsk leiar for nyttårskonserten

Les heile saka

Tradisjonsrik romjulsmarsj – den store utfartsdagen (oppdatert)

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. desember 2023

3. juledag er uten tvil den største utfartsdagen i Todalen.  Deltakartale varierer litt med vêret, men rekorden ligg nok rundt 180 deltakarar på runden rundt bygda.  Den går enten til fots, eller med spark eller sågar også på ski.  Er det blankis så er det best med piggsko eller broddar slik at ein klararer å halse seg på føttene.  I å var det tidvis ganske tett snødrev, men det var faktisk ingen som klaga verken på vêret eller føret. 

Les heile saka

Koseleg juletrefest på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. desember 2023

Nordvik Grendalag inviterte i dag til si tradisjonelle juletrefest i Nordvik forsamlingshus, og det vart ei fin og stemningsfull juletrefest. Rune Måøy, leiar i arrangementskomiteen ønskte velkommen og leia forsamlinga gjennom programmet. 

Les heile saka

Fine forhold på skeiseisen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. desember 2023

Finn Ranes i Barne- og ungdomgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er nypreparert skeiseis på Bordholmen stadion, og at det er fine forhold for å gå på skeiser. 

Les heile saka

God jul!

Jon Olav Ørsal Sundag 24. desember 2023

Vi i redaksjonen ønskjer alle våre lesarar ei god og fredelag julehelg.  Sjølv om vi tek oss tid til litt julefeiring så vil vi halde eit auge med nyheitsbildet i nærmiljøet.

Les heile saka

Julegudstenesta fylte kyrkja

Jon Olav Ørsal Sundag 24. desember 2023

Bra at vi har veteranar som stiller opp på gudstenestene våre, sa Gudmund Husby , da han ønska velkomen til julegudsteneste i Todalen kyrkje.  Torbjørn Brøske var prest, Bernt Bøe var organist, Gudmund Husby var klokkar/tekstlesar og Marit Glærum kyrkjetenar – alle samme er pensjonistar og fortener litt applaus! 

Les heile saka

Feil ruter for Kvanne – Rykkjem

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. desember 2023

Det ligg ein feil i rutesøket for rute 1061 Kvanne – Rykkjem for 24. desember (julaftan) og 25. desember (1. juledag) på fjord1.no og i reiseplanleggaren på frammr.no. Så skal du reise og må ta ferge ein av desse dagane, så må du sjekke rutetidene nedanfor, da det er desse rutetidene som gjeld, og ikkje dei du får opp under reiseplanleggaren.

Les heile saka

Romjula og opningstider på Matkroken

Jon Olav Ørsal Sundag 24. desember 2023

Matkroken Todalen minner om opningstida i romjula- butikken er heilt stengt i to dagar – 1. juledag og 1. nyttårsdag.  Vanlege dagar i romjula er opningstida 10-16, medan 2. juledag har kioskope 16-18.  Avvikande opningstid har også 6. juledag da butikken stenger kl 13 for å gjøre unna vareteljinga resten av dagen. Nyttårsaften er butikken open 9-14. Drivstoffanlegget er ope heile døgnet heile jula for kortsal.

Les heile saka