Førstkomande laurdag er det Todalsdag, og da er det tradisjonellt både ein og fleire dugnadskveldar i forkant av arrangementet. Tysdag kveld var det samla ein effektiv gjeng som fikk gjort unna det meste med tanke på oppfiffing av anlegget, slik som kantslått og utplassering av utstyr som skal brukast.
Les heile saka
Måndag ettermiddag var 1. kandidat, Birgit Oline Kjerstad og 2. kandidat, Kim Thoresen-Vestre, på Møre og Romsdal SV si stortingsvalsliste, på Todalsbesøk. Inger Johanne Iversen og Karina Kalvik var med frå lokalpartiet i Surnadal. Tidlegare på dagen hadde Kjerstad og Thoresen-Vestre vore både på Talgø MøreTre i Surnadal og på Statkraft sitt anlegg på Harangen i Øvre Surnadal på besøk.
Les heile saka
Søndag 27.juni inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje klokka 11:00. Liturg er Leif Endre Grutle, medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til Kirkens SOS. Vipps: 506908.
Les heile saka
Mesta entreprenør har dei siste par dagane halde på med vedleikehald av asfalten på vegane rundt bygda. Det er fleire strekningar som treng reparasjon, og der blir det no skifta ut masse for å få til meir stabile forhold før det legges ny asfalt. Du kan framleis oppleve litt ventetid for å kome fram, men blir det for lenge å vente er alterntivet å kjøre ein liten runde rundt bygda. I løpet av neste veke vil nok dei korte strekningane som er reparert bli asfaltert og få permanent dekke igjen.
I går kveld var det lokaloppgjer mellom Søya/Todalen J10 og Surnadal J10. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med godvêr, så fekk vi sjå ein fotballkamp med mykje godt spel og mange mål.
Les heile saka
I anledning at Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i år fyller 125 år, blir det arrangert ein Kløverstafett, der målet er at alle sanitetsforeningar over heile landet skal vere med. Kløverstafetten er eit lågterskeltilbod der lokalforeiningane saman, gjennom jubileumsåret, skal frakte ein stafettpinne frå sør til nord. Stafetten starta 1.mars på Svinesund, og skal ende si ferd i Tromsø, siste helga i september, der NKS skal ha sitt jubileumslandsmøte denne helga. Kløverstafetten kjem til Todalen torsdag 24.juni.
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag inviterer til stavgang torsdag 24. juni til Brøskehagen.
Les heile saka
Todalingen Roar Sæter har eit liv og virke som geitebonde i Geiranger. Med til saman rundt 400 geiter å passe på, så har han fullt opp. Rundt 120 av dei er mjølkegeiter som er ute på beite og må mjølkast 2 gong dagleg – eit liknande tal er tilsette i verdsarvens teneste og tener til livet opphald som beitepussarar. Dei skal rett og slett sørge for at det terrenget ser fint og velstelt ut, når turistane kjem til Geiranger – enten med cruisebåtar eller pr bil og buss.
Les heile saka
I ei pressemelding frå laget Vårsøg i dag, får vi opplyst at Åge Aleksandersen, Gunnar Pedersen, Trondheimsolistene med fleire, kjem til Stangvik kyrkje tysdag 2.november klokka 19:30, for å halde konsert. Billettar til konserten kan du kjøpe på «surnadal-kulturhus.no» eller på billettautomaten på Surnadal kulturhus. Salet startar i siste av halvdel av august.
Les heile saka
Onsdag 23.juni klokka 18:00 inviterer Trimgruppa og Økonomi- og markedsgruppa i Todalen Idrettslag alle til St. Hans feiring ved gapahuken i Båthølen. Idrettslaget ordnar med grillar, men mat og drikke må ein ta med sjølv. Idrettslaget spanderer og kaffe og kaker etter grillinga.
Les heile saka
Fredag 25.juni mellom klokka 13:00 – 17:00 held Lia Gard ope gardsutsal, før dei tek ein kort ferie. Denne gongen kan dei, i tillegg til dei vanlege godsakene, i tillegg freista med ein nyvinning, nemleg rabarbraterte, laga av rabarbra frå eigen hage.
Les heile saka
Måndag 21.juni klokka 18:00 er det klart for nok eit lokaloppgjer i fotball på Bordholmen stadion. Da spelar Søya/Todalen sitt J10 lag mot Surnadal J10. Det blir sjølvsagt open kiosk med graut og bakels.
Les heile saka