Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for septikktømming no – er du klar?

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. oktober 2021

No er den gule Norva-bolen i nabolaget.  Norva 24 det er Strynfirmaet som har avtale med Surnadal kommune om tømming av septiktaker rundt i heile kommunen.  Normalt er det 2 år mellom kvar tømming i private heimar og 4 år mellom kvar tømming i fritidsbustader.  I større anlegg som har tank kan det være tømming oftare, og ofte etter nærarae avtale.  Vi trefte Jan Melsåsen i full gang med tømming i Sissigrenda – han bur i Hornindal, men jobbar for Strynfirmaet.  Når dei jobbar her i Surnadal bur dei på HammeStuene på Surnadalsøra. 

Jan Melsåsen trives bra med jobben som septikktømmar. No ber han om at tankane er klargjort for tømming – tankar som ligg under jorda må graves fram. Foto: Jon Olav Ørsal

.  Når dei jobbar her så har dei ein tilhengar ståande i Surnadal, og kjører tørrstoffet over til tilhengaren før dei sluttar til kvelds.  Når dei dreg heim til helga så tek dei med fullt lass med bil og hengar til Vestnes, der det er mottak for slikt.  Når dei tømmer septiktankane er det berre tørrstoffet dei tek med – vatnet blir filtrert og kjøres attende i septiktanken.

Jan Melsåsen har imidlertid ei bøn til alle med septikktankar.  – Ikkje kast våtserviettar og filler i do.  Dei løyser seg ikke opp, og fører berre til problem med at anlegget går tett.  Elles ber han om at tanken er klargjort for tømming. Dersom tanken ligg under jorda, så må den graves fram for å bli tømt, seier Melsåsen. 

Han trives godt med jobben, og tykkjer det er ei fin ordning dei har med jobbing annakvar veke.  – Vi er heldige som får lov til å reise land og strand rundt og får sjå mange fine plassar, som for eksempel her i Todalen.

Norva er landsdekkande og har mange spesialbilar for tømming av septikktankar. Norva har base i Stryn. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. oktober 2021, 14:18