Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange får no tilbod om oppfriskningsdose 3 med koronavaksine

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 6. oktober 2021
I ei pressemelding frå Surnadal kommune i går ettermiddag blir vi informert om tredje vaksinedose. Folkehelseinstituttet tilbyr no tredje dose koronavaksine til ein større del av befolkninga.  Tidlegare er ei ekstra dose koronavaksine gitt til personar med svekka immunforsvar. No skal nye grupper få ei oppfriskingdose for å forlenge det gode vernet mot alvorleg sjukdom ved eventuell koronasmitte i tida etter gjenopninga.
Det er vaksinetypen Comirnaty frå Pfizer som blir tilbydd som oppfriskningsdose og den kan bli gjeven tidlegast 6 månader etter dose 2.

Slik gjennomfører Surnadal kommune vaksineringa med dose 3:

Kommunen skal først gjere oss ferdig med influensavaksineringa den 1., 2. og 3. november i Surnadal kulturhus. Så skal det gå ei veke før ein kan få koronavaksine. Vi kjem med meir informasjon i avisene om influensavaksineringa.

Innkalling til dose 3 startar opp frå midten av november. Kommunen gjer dette akkurat som sist. Det betyr at når det blir din tur i køen vil du få ei innkalling på SMS frå c19 som du skal svare på. Vaksineringa vil også denne gongen foregå på fredagar på Surnadal kulturhus.

Kommunen følger FHI si prioritering av grupper som først får tilbod om dose 3:

  1.  Bebuarar i sjukeheim
  2.  Alder 85 år og eldre
  3.  Alder 75 – 84 år
  4.  Alder 65 – 74 år

Ikkje for seint å få dose 1

Dersom du er ein av dei som enno ikkje har vaksinert deg, kan du få dose 1 saman med dei som får dose 3 ein av fredagane framover. Du kan enkelt kontakte vaksineteamet på epost: vaksine@surnadal.kommune.no 

Sjekk kommunens vaksinekalender

Kommunen oppdatere vaksinekalender sin til dei er i mål med dose 3. Her vil ein kunne sjå kva aldersgrupper som er kalla inn den aktuelle veka.

Først publisert: 6. oktober 2021, 09:00 - Sist oppdatert: 5. oktober 2021, 20:52