Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feira sesonslutt med grillparty på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. oktober 2021

Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag har slått strek for sine turarrangement for i år.  Tysdag feira dei sesongslutt og fyrte opp grillen ved gapahuken på Tjønnmyran, og det vart eit stort og triveleg seskap med over tretti deltakarar. Pølser og burgerar glei lett ned samtidig som praten gikk lett rundt borda – og vi kan vel konkludere med det at den sosiale biten er minst like viktig som den fysiske treninga som turane gir.

Heile gjengen oppstillt framfor gapahuken på Tjønnmyran i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Tysdagens samling var berre av den sosiale typen, og det var lett å sjå at fjellgruppa trives i kvarandres selskap.  I løpet av sommaren har dei vore ute på 20 turar – 10 turar før ferien og 10 turar etter ferien.  Kristian Ranes er leiar for gruppa, saman med Brage Einum og Tors Asle Ranes.  Deltakartalet har spent frå 10 deltakarar og oppover til 32 på det meste.  «Normalen» er på rundt 20 deltakarar fortel Kristian, som saman me Brage og Tor Asle er «hypp» på å dra i gang ein ny tursesong så snart det blir vår og det tek til å grønskast i liene.

Fyr på grillen og matlukta kvesser smaksløkane – denne dagen var det full fokus på maten og den sosiale kontakten. Foto: Jon Olav Ørsal

Årets turar har spent frå Mulneset, Møkkelfjellet, Bollin og Rokkelnebbå i spredning, og sommaren har vore velsinga med mykje godt turvêr det meste av sommaren.  Men det har heller ikkje vore nokre sure miner når det har vore regnvêr og skodde – god deltaking uansett vêr!  

Anne Vognild Einum har godt grp om fotoapparatet. Vi seier bar takk for mange fine turbilder som vi har kunna dele med lesarane. Foto: Jon Olav Ørsal

Anne Vognild Einum har vore turgruppas faste fotograf, og vi i Todalen.no vil nytte høvet til å gi litt ros for fotojobben.  Mange flotte bilder har ho levert, og det har også lesarane vist at det sett pris på, det viser statistikkane.   Kristian Ranes takka deltakarane for i år, og oppsummerte sesongen  har vore. Han understrek kor viktig det er å ivareta mobiliteten og ønska at enda fleire blir med på turane til neste sesong – og han understreka at alle er velkomne til å bli med.

Eit lite bildegalleri frå sesongavslutninga på Tjønnmyran – alle foto Jon Olav Ørsal

Gapahuken_Tjonnmyran_3382

Image 1 of 6

Gapahuken på Tjønnmyran - Todalen ILs lysløpeanlegg i Todalen.

Publisert: 5. oktober 2021, 15:10