Laurdag 23. oktober klokka 13:00 opnar Surnadal Kunstforening minneutstillinga «Perler i åkeren» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Utstillinga vil vere open fram til 7. november, og er ei minneutstilling med arbeid etter Randi Skrøvset Hatle (1941 – 2020).
Les heile saka
Onsdag var det besøk frå Merkur på Matkroken. Det var Stig Olson, som er konsulent i Merkur, som var på sin årlege runde for oppfølging av butikkar som er med på Merkur sitt utviklingsprogram for utkantbutikkar. Det er eit statleg utviklings- og kompetanseprogram som skal være ei hjelpande hand for daglegvarebutikkar på landsbygda. På landsbasis er det meir enn 600 butikkar som er med på Merkurprogrammet, og i Midt-Norge er det rundt 70 som er med.
Les heile saka
I går kveld var det trekning i Todalen sanitetsforening sin Vipps-basar i Todalen sanitetshus. Det vart selt 333 lodd, noko som betyr at det kom inn 33.300 kroner på saniteten sin Vipps-basar i år. Dette er eit bra resultat og er pengar som kjem godt med i Todalen sanitetsforening sitt arbeid.
Les heile saka
Lotteri- og stiftelsestilsynet administrerer to ordningar som kan gje store tilskot til laga det gjeld og som er omfatta av ordningane. Den eine ordninga er koronarelatert, og heiter «Tilskot til arrangement og aktivitetar». Dette er ei ordning som skal kompensere for bortfall av inntekter i samband med covid- 19 og gjeld denne gongen for perioden 1.1. – 31.10.21. Den andre ordninga er «Momskompensasjon på idrettsanlegg». Dette er ei ordning som rettar seg mot bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet.
Les heile saka
Fredag fyller Jenny Kvendset 100 år – ho er bortreist på dagen, men legg opp til storstila feiring komande laurdag og da er alle som har lyst til å bli med på feiringa velkomne til Todalen ungdomshus. Jenny har planlagt feiringa i lang tid no, og det er hennar høgste ønske at «alle», både slekt og venner, skal få kome til ungdomshuset denne dagen for å ta del i feiringa. Eit anna ønske ho har, er at det skal bli nok mat, og det har vi teke høgde for, smiler barnebarnet Jenny som er med i komiteen.
Les heile saka
I ruskevêr gjekk Todalen sanitetsforening sin vekentlege Kløvertur i dag til Toåa tursti. Åtte damer trossa vêr og vind og var med på turen, for godt med frisk luft er det uansettA Det var samling med kaffe i gapahuken ved Båthølen.
Les heile saka
Hugsar du den tida da Surnadal Billag køyrte «Mørelinjen» mellom Mørebyane og Trondheim, og bussane var bemanna med ei billettrise i tillegg til sjåføren som dermed kunne konsentrere seg om å halde i rattet og følgje rutetidene? Onsdag 20. oktober kl 12.00 kjem Odd Arthur, Guro Strand, Martinus Grimsmo med fleire til Surnadal Billag på Surnadalsøra for å fortelje historia til transportselskapet Surnadal Billag AS.
Les heile saka
Torsdag 14. oktober klokka 11:00 tek Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til I.L. Søya sitt skianlegg på Vang. Dette blir siste stavgangtur for sesongen. Parkering og kaffe ved Vang skisenter på Vang.
Les heile saka
Fredag 15. oktober mellom klokka 12:00 -17:00 er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Da fyller dei nok ein gang opp bakeriutsalet med mange ferske bakevarer, så her finn ein noko for ein kvar smak!
Les heile saka
I år, som i fjor, blir Todalen sanitetsforening sin årlege og tradisjonelle «Sanitetsbasar» ein «Vipps-basar». Saniteten vil ha førehandssal på Matkroken Todalen fredag 8. oktober klokka 10:00 – 17:00 og laurdag 9. oktober klokka 10:00 – 15:00. I år er det fellesliste, der ein er med i trekninga på ALLE gevinstane, og kvart lodd kostar kroner 100,-, og Vippsnummeret er 534955 (Basar Todalen sanitetsforening).
Les heile saka
I dag hadde Surnadal G13 heimekamp mot Molde G13 på Bordholmen. Vêrgudane viste seg ikkje akkurat frå si beste side, så det var regn stort sett under heile kampen, men det såg ikkje ut til at det påverka spelarane sin innsats på banen nemneverdig. For det var mykje godt spel og stor innsats frå båe lag.
Les heile saka
I dag var det Hausttakkefestgudsteneste i Todalen kyrkje. Start 4H hadde pynta med frukt og grønnsaker til gudstenesta. Liturg var Cathrine Grutle medan Svein Ness vikarierte som organist. Neste års konfirmantar var med og las frå dagens tekst, medan 50-årskonfirmantane var invitert til å delta på gudstenesta.
Les heile saka