Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tilskot til tilrettelegging av historiske ferdselsårer

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. februar 2022

Lag og organisasjonar kan søkje om midlar til tilrettelegging, skjøtsel og formidling av lokale, historiske ferdselsårer – og, om du les til endes i dette innlegget: du kan også søkje til mangt anna. Det er Riksantikvaren som har ordninga om ferdselsårer, der kvart lag kan søkje om inntil 100.000 kroner. Møre og Romsdal fylke skal likevel ha søknadane først og vidaresende.

Tilskottet kan gå til både etablering og opning av nye historiske ferdselsårer eller rehabilitering av eksisterande. Med ferdselsårer tenkjer ein t.d. på stiar og vegar, og sikkert også kulturminne etter sjøvegs trafikk. Tilskottet kan gå til heile eller delar av desse ferdselsårene.

Møre og Romsdal fylke vil særleg oppmode til satsing på delar av Postvegen, gamle kyrkjevegar, setervegar, vegfar/stiar knytt til gøymestadar og fluktruter under krigen, og vegar/stiar til gamle gruver.

Det er delar av gamle ferdselsårer som er i bruk i Surnadal kommune i dag, t.d. til tursamanheng, og kanskje er det noko som trengs gjerast rundt desse?

Uansett: du kan lese meir om ordninga, og søkje, på nettsida

https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend/tilskot-kulturminnevern/tilskot-til-tilrettelegging-av-historiske-ferdselsaarer

Søknadsfrist er 15. mars.

Philipsbrua i Ramsøydalane. Foto: Jon Olav Ørsal

Mangt anna å søkje på:

Møre og Romsdal fylke har også verkeleg MANGE andre ordningar som ein kan søkje på, spesielt innafor kulturområdet, men også for næring, miljø og trafikktrygging. Alle er samla på nettstaden:

https://mrfylke.no/tilskot-prisar-og-stipend

Mange av desse ordningane har søknadsfrist i løpet av den næraste månaden, så ta deg ein runden innom og sjå om noko kan vere aktuelt for deg eller ditt lag.

Informasjon om ulike prisar, som fylkeskulturprisen, ligg også på den same nettstaden.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil særleg oppfordre til satsing på delar av Postvegen, gamle kyrkjevegar, setervegar, vegfar/stiar knytt til gøymestadar og fluktruter under krigen, og vegar/ stiar til gamle gruver.  

Midlane skal gå til arbeide på historiske stiar, vegar, ruter, rundar og andre ferdselsårer, eller deler av desse. Hensikta er å gjennomføre ulike tiltak for å synleggjere, skjøtte, tilrettelegge og formidle lokale, historiske ferdselsårer.

Midlane kan både gå til etablering og opning av nye historiske ferdselsårer eller revitalisering av eksisterande.

Ferdselsårene må ha blitt nytta til ferdsel og transport i tidlegare tider, eller vere knytt til eit historisk tema, og tiltaket må legge til rette for auka engasjement og synleggjering av dei lokale, historiske ferdselsårene i 2022.

Først publisert: 11. februar 2022, 07:00 - Sist oppdatert: 10. februar 2022, 19:57