Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hundekøyring og open ungdomsklubb i vinterferien

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. februar 2022

Surnadal frivilligsentral har fått midlar frå SpareBank 1 SMN som gjer at dei kan inviterer til hundekøyring på Nerskogen hos Trollheimen Husky, Hundekjøring for alle AS, tysdag 22. februar. Tilbodet er gratis, og for barn og unge i alderen 10 – 18 år. Aktiviteten blir tilpassa alderen på deltakarane. Turen går med buss fra Skei klokka 09:00 med retur frå Nerskogen ca. klokka 14:00. Påmelding innen fredag 18. februar! Maks 40 plassar. For meir informasjon og påmelding:  surnadal.frivilligsentral.no/vinterferien2022. Tilbodet er gratis og påmeldingsfristen er fredag 18. februar. 

Hundekøyring. Foto: Trollheimen Husky

Midlane frå SpareBank 1 SMN gjer det også mogleg å ha open ungdomsklubb med felles måltid. Dette skjer torsdag 24. februar, og er for barn og unge i 5. – 10. årstrinn mellom klokka 11:00 – 15:00 med felles måltid klokka 13:00. Alle aktivitetar og måltid er gratis. For meir informasjon og påmelding: surnadal.frivilligsentral.no/vinterferien2022. Påmeldingsfrist er tysdag 22. februar. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 11. februar 2022, 15:33