Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Randonee-EM i Spania – ny dag med sterk innsats

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. februar 2022

Det er ikkje berre i Beijing det blir kjempa om gull og glitter.  Randoneelandslaget deltek på EM i Spania – nærare bestemt i landsbyen  Vall de Boi,  som ligg i Catalonia på rundt 1100 m.o.h. I dag er det vertikal som står på programmet, og det går kort og godt ut på å kome seg fortast muleg til toppen!  Og fort gikk det til gangs for damene i 18-årsklassen –  Ida Waldal frå Hommelvik gikk heilt til topps med ei bestetid på 30,53, medan Elise Hjelset Andersen kom på 8.-plass og Malin Indergård frå Romsdal på 9.-plass.

Damene i 18-årsklassen gjorde ein sterk innsats i dag, der Ida Waldal gikk til topps og Elise og Malin hamna på 8. og 9.-plass. Foto Gudmund Kårvatn

 

I klasse menn 20 var det ingen som klarte å hamle opp med sveitseren Thomas Bussard.  Han sette på full gass frå start til mål oppe på toppen av fjellet, og den turen vart gjort unna på 24,04.  Nokon sinke i trafikk var heller ikkje Tryg og Erik, men litt meir tid måtte dei ha på turen opp.  Trym Dalset Lødøen bruka 25,30 på den same turen og Erik Kårvatn 26,38.  Det ga henholdsvis 7. og 15.-plass.  Utruleg sterk innsats som vart gjort i dagens vertikal!

No blir det ein kviledag før den individuelle øvelsen på laurdag, der det er fellesstart og man konkurrerer om å kome raskt til topps og raskt ned att igjen for å seie det enkelt. Førstemann i mål er vinnar.

Erik legg ikkje skjul på at lokale sponsorar har vore med og gjort denne satsinga muleg – MøreRoyal på brystet og ski og bindingar frå Kårvatn Fjellustyr. Foto GK

Erik på veg mot målgang – dei siste kreftene blir sett inn med målet i sikte. Foto G.K.

 

 

Publisert: 10. februar 2022, 12:43