No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 13. og tysdag 14. desember. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile saka
Nytt klokketårn på stabburstaket
I snekkarverkstedet på Liatun er det eit arnested for spesielle ting som folk vil ha. I dag la Gunnar Nordvik siste hand på verket for klokketårnet som skal til Nordvik. Det er Karin Åsbø og Nils Håvard Øyås som har bestillt klokketårn som skal monterast på det restaurerte stabburet heime i Nedre Slettnesset.
Les heile saka
Flaumstor Surna gikk over sine bredder
Elva Surna har i natt gått over sine bredder – på topp var nok vassføringa mellom klokka 2 og 3 i natt – og hadde da større vassføring en under storflaumen for eit par år sia da både krøtter og sauer vart tekne av flaumen. No var flaumen varsla – sågar på orange nivå – og både krøtter og sauer var forlengst komne i hus.
Les heile saka
To nye positive PCR-testar
Kommuneoverlegen fekk seint i går kveld melding om to nye positive PCR-testar i Surnadal.Det eine smittetilfellet er ei kvinne tilsett i skuleverket, som er smitta gjennom kjent smitteveg frå Trondheim.Det andre smittetilfellet er ein mannleg handverkar som er smitta i forlenginga av utbrotet i Midtigrenda barnnehage.
Les heile saka
Minner om årsmøtet, som blir digitalt
Todalen elveeigarlag minner om sitt årsmøte torsdag 25. november 2021 kl 19.30. På grunn av utviklingen i koronasituasjonen blir møtet gjennomfør digitalt, og IKKE i Sanitetshuset, slik som det står i den opprinnelige innkallingen til årsmøtet, melder styret i elveeigarlaget.
Les heile saka
Felles middag på kyrkjelydshuset i Surnadal
Onsdag 1. desember inviterer kyrkja i Surnadal til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Middagen blir servert mellom klokka 16:00 – 16:45. Så er du lei av ofte å måtte ete middag åleine, er det triveleg å kunne ete middag saman med nokon fleire av og til? For travle småbarnsfamiliar er det av og til godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå! Dette vil kyrkja i Surnadal no gjere noko med, og inviterer difor til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei
Les heile saka
Nytt Surnadals-magasin på veg i posten
Vi har motteke ei pressemelding frå Amfi Kreativ, som fortel at eit nytt vintermagasin for Surnadal er på veg til postkassane rundt omkring i distriktet.
Les heile saka
Mykje regn og snøsmelting – varslar stor rasfare
Vêrmeldinga yr.no varslar med både gult og orange farenivå i sine meldingar, og ber folk følgje med på det som skjer lokalt. Det er spesielt rasfaren som i Trøndelag og på Nordmøre er varsla med orange niva – der Surnadal kommune såvidt er innafor området. Når det gjeld nedbør er det meldt til dels store […]
Les heile saka
Skytterlaget kaller inn til årsmøte
Søya og Todalen skytterlag kallar inn til årsmøte for 2021. Det skjer på kantina på Talgø måndag 13. desember, og på agendaen står det vanlege årsmøtesaker. Saker til behandling på årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende seinast 6. desember.

«Julegatelotteri»
Todalen Grendalag arrangerer i år «Julegatelotteri». Kvart lodd kostar kroner 50,-, og da er du med i trekninga av 10 fine gevinstar gjeve av lokalt næringsliv. Lodd kjøper du ved å vippse til 568828 (Todalen Grendalag), hugs å skrive namnet på den lodda skal skrivast på i meldingsfeltet når du vippsar. Det blir og sal av lodd under sjølve julegatetenninga søndag 28. november. Meir informasjon om julegatetenninga kjem torsdag 25., så følg med!
Les heile saka
«Bøy og tøy» med Pensjonistlaget
Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 25. november klokka 11:00, til ny «Bøy og tøy» i Meierisalen på Landbrukshuset. Det er fysioterapeut Oda som rettleier på torsdagens «Bøy og tøy». Det gjer godt med litt bøying og tøying no før jul. Etterpå blir det kaffe og sosialt samvær for den som vil.
Les heile saka
Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag
Fredag 26. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mykje godt å få kjøpt, både grovbrød og kaffebrød.
Les heile saka