Vi har fått melding frå Todalen Elveeigarlag og formann Asbjørn Karlsen om at Todalen Camping førebur seg på ein ny sesong. Det planleggast opning frå 1. mai i år, og campingplassen vil bli dreve av Todalen Elveeigarlag
Les heile saka
Søndagsope – og klart for ein ny vår..
Med «vêrbruket» som har vore dei siste dagane, så er det ikkje akkurat våronn med utplanting av blomster og kjøp av hagemøblar som ligg fremst i dagsplana. Men etter ein periode med dårleg vêr så kjem det alltid ein periode med bra vêr, og da er det bra å være litt førebudd! På Hageland Surnadal har dei jobba med våren i sikte dei siste par månadene, og no er det meste på plass i butikken. I helga markerast starten på ein ny vårsesong med søndagsopen butikk og nye opningstider – på Hageland blir nemleg butikken open heile påska!
Les heile saka
Stor skredfare i Trollheimen i dag
I dag er det eit klart bodskap frå varsam.no – Unngå alt skredterreng! Mykje snø og kraftig vind gjer at det kan gå svært store og naturleg utløyste snøskred. Det store snøfallet i går og blaut, tung snø kombinert med regn har gjort at skredfaren i dag er på raudt nivå for Trollheimen.
Les heile saka
Rossåa settefiskanlegg med rognplanting i Toåa
Også i år har Statkraft, gjennom Rossåa settefiskanlegg, planta øyerogn. Dette gjorde gjengen ved settefiskanlegget fredag 18. mars, og øyerogna vart planta ovanfor Brusetbrua og oppover mot Fosstrøin, og nedstrøms ved Øyabrua. Nytt av året, er at øyerogna er fargemerka. På biletet under kan ein sjå fargeforskjellane før og denne fargemerkinga.
Les heile saka
Innspurt for russerevyen «Surnadalsrussen på filmkveld» i kveld
I kveld er det tredje og siste sjanse for å sjå framføringa av russerevyen «Surnadalsrussen på filmkveld». Det har vore godt billettsal til revyen, men dersom du er kjapp så er det enno nokre få billettar ledige til kveldens førestilling, som startar kl 18:00. Vi hadde gleda av å få med oss førestillinga fredag kveld, og hadde ei fornøyeleg stund med skikkeleg god underhaldning frå scena
Les heile saka
Fotballquiz i Bondehuset
Fredag 22. april frå klokka 19:00, har IL Søya gleda av å invitere til fotballquiz i Bondehuset. Quizmastere for kvelden er NRKs Tete Lidbom og Sven Bisgaard Sundet. Duoen, som er mest kjent frå fotball-podcasten Heia Fotball, skal straks i gang med Norgesturné med heilt nytt show, men før turneen kjem dei altså på besøk til Bondehuset i Stangvik. Heia Fotball er ein av Norges mest høyrte fotballpodcaster, og bakgrunnen for at Tete og Sven kjem til Bondehuset, er at det under fjorårets TV-aksjon var mogleg å by på ein kveld med underhaldning frå desse to. Sidan vinnarbodet kom frå «Søyaland» blir idrettslaget med som arrangør for å få til ein trivelig kveld, som flest mogleg får gleda av.
Les heile sakaSvinviks arboret – AVLYSER podeverkstedet
I ei pressemelding frå Svinviks arboret akkurat no, har vi fått beskjed om at dei dessverre må avslyse morgondagens planlagte podeverksted. Avlysinga skjer på bakgrunn av vêrmeldingane som gjeld for morgondagen, som seier at det skal bli ein del nedbør med temperaturar ned mot null grader.
Les heile saka
Surnadal Taxi – endra opningstider frå måndag
Surnadal Taxi, og dei andre taxieigarane, som er tilslutta Nordvest Taxi, har frå 1. juni i år mista all køyring for Pasientreiser i Helse Midt-Norge. Denne køyringa utgjer i dag omlag 75 – 80% av verksemda til Surnadal Taxi. Dette gjer at det er særs utfordrande å halde på, og å få tak i nok sjåførar. Dette gjer at Surnadal Taxi ser seg nøydt til å redusere opningstidene sine.
Les heile saka
Todalen Grendalag vart Todalen bøgdalag
Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen Grendalag. Etter årsmøtet heiter Grandalaget no altså Todalen bøgdalag. Det var ikkje akkurat fullt hus og stromande jubel, men dei frammøtte fekk eit innblikk i kva Grendalaget hadde dreve med det siste året. Rekneskapen for 2021 viste eit overskott på i overkant av 10.000 kroner, og laget hadde ved årsskiftet aktiva for knappe 60.000 kroner.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr – opningstider før påska 2022
Butikken til Kårvatn Fjellutstyr har ope komande laurdag 9:00 – 16:00 og i den stille veka, måndag 11.4 til onsdag 13.4 er butikken open 10:00 – 16:00
Les heile saka
Surnadal kulturhus – opningstider i påska
Neste veke er det påskeferie, og på Surnadal kulturhus inneber dette nokre endringar i opningstida. Frå måndag 11. april til og med måndag 18. april er opningstida redusert både på kulturhuset og biblioteket.
Les heile saka
Godt lokalt resultat for fasteaksjonen 2022
Tysdag ettermiddag gjennomførte sokneråda i Surnadal kommune, med hjelp frå årets konfirmantar, fasteaksjonen 2022 – «En dråpe vann». Gjevargleda var stor ved årets fasteaksjon i Surnadal kommune, og det vart samla inn i overkant av 119.000 i kommunen vår, noko som er eit særs godt resultat for sokna våre. Kyrkja nyttar difor høvet til å takke alle konfirmanter, foreldre og frivillige som deltok under årets innsamlinga den 05. april.
Les heile saka