Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jammen vart det asfaltering i dag!

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. august 2022

Ting skjer jammen fort enkelte gong.  Fredag var Bernt Venås på todalsbesøk, og han tykte det gikk heilt forvidt med vegstellet og lova å prøve å sette fortgang på prosessen for å få ny asfalt på eit par parsellar som egentleg har vorte trafikkfarlege.  Venås var ikkje før heimkomen før det måndag kom folk frå Mesta for å kartlegg kvar det var mest behov, og han merka ein ein vegstump mellom Sandstadkrysset og Talgø-fabrikken og ein bit ved Sissiå/Hauabrekkå.  Til saman knappe 200 meter. Tysdag kom Veidekke med utstyr for legging av asfalt og satte i gang.

Det vart lagt asfalt i to parsellar denne gongen – tilsaman knappe 200 meter. det var mannskap frå Veidekke som utførte jobben. Foto Jon Olav Ørsal

Arbeidslaget frå Veidekke var utstyrt med ei lita maskin som nok var tilpassa slike småjobbar.  Dei var effektive med å kome igang med asfaltering og det var ikkje noko lang hefte for å få gjort denne jobben som Mesta i Surnadal var oppdragsgjevar for.  Dei er forresten snart ferdige med sin periode med vedlikehaldet av fylkesvegane i kommunen og no tek snart Veidekke over den jobben nokre år framover. 

Asfaltgjengen frå Veeidekke fortalte at dei hadde oppdrag i Todalen i neste veke også – da skal dei mellom anna legge ny asfalt i Myrjarvegen – bustadfeltet på Kvennset.  Asfalten som er bruka kjem frå afaltverket som Veidekke har på Frei, og det er Surnadal Transport som som fraktar asfalten hit.  

Ny asfalt frå innkjøringa til Myrjarvegen og eit stykke oppi Hauabrekkå. Foto Jon Olav Ørsal

Herifrå og oppi svingen til Hauabrekkå fikk ny asfalt i dag. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. august 2022, 13:41