Det var trimgruppa i Todalen I.L. som stod som arrangør da St. Hans vart feira med bålbrenning og grilling ved gapahuken i Båthølen. Torsdagskvelden vart ein rettelg fin sommarkveld med sol og god temperatur, og jammen trur eg både store og småe kosa seg på kvar sin måte
Les heile saka
Yr var ikkje på lag med oss i dag. Duskregn som gikk over til regn. Det var godt å koma til det oppvarma fjøset til Helge Røv. Kaffe med niste i sauefjøset vart koselig.
Les heile saka
Tradisjonen tru opnar Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) dei fire betente hyttene sine på St. Hans-aften. Todalshytta har vore open ei stund, medan Aursjøhytta, Innerdalshytta og Vangshaugen opnar i dag.
Les heile saka
Fortida har gode framtidsutsikter i Surnadal kommune! Ungdomsskulen tek lokalhistoria på alvor. Som vanleg, for 9. klassingane i Surnadal kommune, kvar vår bedriftsbesøk og historisk museumstime i Bøfjorden. I går var eit nytt kull klare for slikt bedriftsbesøk og museumstime i Bøfjorden.
Les heile saka
Som tidlegare annonsert, så kallar Surnadal Arbeiderparti inn til ekstraordinært årsmøte på Hammerstuene tysdag 29. juni klokka 19:00. Fullstendig sakliste for det ekstraordinære årsmøtet føreligg no. Ver obs på at det ekstraordinære årsmøtet blir på Hammersuene, og ikkje på kantina på sjukeheimen, som tidlegare annonsert.
Les heile saka
Komande måndag (27. juni) blir det dekningsutfall ein time eller to på Telia sin basestasjon på Halset. Dette skjer på grunn av flytting av fiberkabelen på grunn av ombygging av fjøset. Utfallet skjer i tidsrommet mellom 9 og 12. Når dette er gjort skal alt være på plass i den nye basestasjonen, blir det meldt.
Tysdag 28. juni klokka 18:00 blir det ryddedugnad på Bordholmen stadion. Da skal det ordnast til Todalsdagen 2022, som blir arrangert på Bordholmen 2. juli. Det skal kløppast gras, ryddast, settast opp telt og litt anna forefallande arbeid, som å flytte benkar og settast opp gjerder.
Les heile saka
Tysdag var områdeutvala i Nordre- og Søndre Nordmøre vannområde på befaring og møte i Todalen. Dei to utvala hadde felles program med befaring, og var etterpå samla på Todalshytta for lunch. Etter lunch hadde dei to utvala og lokale representantar felles møte
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til vakre Vindøldalen. – Vi var litt i tvil, men Fjellgruppa trossa vermeldinga og køyrde til den kanskje finaste fjelldalen vår, seier ein entusiastisk Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Les heile saka
Frode Grønmyr sitt fine bilete av flagg og flaggspett vant velfortjent månadens bilete denne gongen. Kopp med logo vil bli overbragt snarest.
Les heile saka
Fredagens Jonsvaka-konsert i Åsskard kyrkje mønstrar eit stort ensemble under tittelen «Tonar til alle tider».Operasongarane Sigrid Bøe, Turid Røen Kroknes og Erik Rosenius har med seg godbitar av Grieg, Strauss, Larsson, Bach og andre. Dei får tonefølgje av pianist Tor Strand, oboist Ebba Ringmar og ein profesjonell strykekvartett med tvillingane Åse og Anne Aaknes, Synnøve Hammervold og Eivind Rossbach Heier.
Les heile saka
I starten på skuleferien, kan Surnadal kino by på Elvis, western og animasjon. Alle western-entusiastar bør få med seg Old Henry, ogg berre kort tid etter at Kjell Elvis besøkte Surnadal, så kjem jaggu «Kongen» tilbake på, men denne gongen på det store lerretet! Det er Laksedagar i helga, og det gjer det for tungvint å vise film fredagskvelden, så da blir søndag den «store» kinodagen»!
Les heile saka