På grunn av omlegging til nytt datasystem vil Surnadal legesenter vere heilt stengt tysdag 11. oktober. Legevakta (116117) vil vere operativ. Ved akutt fare for liv og helse ring 113.
Les heile saka
På grunn av omlegging til nytt datasystem vil Surnadal legesenter vere heilt stengt tysdag 11. oktober. Legevakta (116117) vil vere operativ. Ved akutt fare for liv og helse ring 113.
Les heile sakaTysdag 4. oktober er det altså balldag igjen på Todalshytta. Arve Evensen fortel at det har vore ein travel haust og stor aktivitet på Todalshytta, sjølv om sesongslutt forlengst er passert. Tysdag er det imidlertid duka for ny balldag, og som vanleg er det fritt val om du vil ha potetball med tilbehør, eller kanskje du likar betre sildball med stekt bacon – valet er ditt, seier Arve.
Les heile sakaSøndag 9. oktober klokka 13:00 inviterer Svinviks arboret til foredrag og kunstutstilling i arboretet. På programmet står: «Invasiv rododendron i Norge – hybridisering, tilpasning, utbrudd og tiltak». Populærvitenskapeleg foredrag med forskar Duncan Halley frå NINA, Norsk institutt for naturforsking. Kafeen er også open, og her kan du få kjøpt kaffe og eplekake. Klokka 14:30 opnar salsutsilling, med den lokale kunstnaren Sissel Halset Storslett, dørene i fjøset i arboretet.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 6. oktober klokka 11:00 til stavgangtur til Øygardshalsen. Oppmøte på og parkering ved I.L. Søya sitt klubbhus ved Vang skisenter.
Les heile sakaTodalen sokneråd inviterer til gudsteneste, saman med årets 50-års jubilantar, i Todalen kyrkje søndag 9. oktober klokka 11:00. Her vil også neste års konfirmantar bli presentert. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.
Les heile sakaFjord 1 melder at det blir redusert kapasitet på ferjeavgangen frå Rykkjem til Kvanne klokka 11.45 måndag føremiddag. Dette på grunn av transport av farleg last. På denne avgangen er det kun tillatt opp til 12 passasjerar.
Surnadal kommune fornyar avtale om støtte til nærbutikkane i kommunen. Det er Coop-butikken i Bøfjorden, Matkroken Bæverfjord og Matkroken Todalen som blir omfatta av denne avtalen. Avtalen går ut på å plassere ut ein infoskjerm i butikkane, der kommunen formidlar nytt frå kommunen og frå lokale media.
Les heile sakaTykkjer du at det var for lite sol i sommar? Da har du no sjansen til å kjøpe deg eit solarium, for å bøte litt på dette! Todalen Idrettslag skal nemleg selge solariumet som har stått på Hett & Svett. Solariumet er av typen Sunvision, og ligg ute på finn.no til kroner 4.800,-.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 3. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!
Les heile sakaLaurdag dufta det godt av fårikål innover alle gangar på Todalshytta. Ei kjempestor fårikålgryte sørga for at alle som møtte opp på fårikåldag vart skikkeleg metta opp med fårekjøtt og kål i skjønn forening. Sjølv om sesongen er over og Todalshytta ikkje lenger er open for «drop in» til restauranten, så er det stor aktivitet i den 120 år gamle tømmerbygninga. Utenom sesongen går det no mykje på arrangement – bursdagar, bryllup og intern aktivitet på Talgø, – og når det er ledig kapasitet som blir det temadagar. Da blir lokalbefolkninga invitert slik som laurdag når det var fårikåldag. Komande tysdag er det balldag – med både potetball med tilbehør og sildball på menyen.
Les heile sakaDet er spørsmålet Britt May Hollås, fylkesleder NKS Møre og Romsdal, og Malin Stensønes, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening stiller i eit presseskriv vi har fått no i dag. Bakgrunnen for presseskrivet er «Sanitetens uke 2022» og å løfte fram frivilligheita sin viktige rolle i samfunnsberedskapen, i forkant av framlegginga av årets statsbudsjett.
Les heile sakaTo filmar frå 2. verdskrig dominerer kinolerretet i neste veke på Surnadal kino. Norske «Krigsseileren» har allereie vore vist nokre gongar, men det sig inn jamt med folk som vil sjå landets mest påkosta film. Filmen vil difor bli vist både på dagtid tysdag og torsdag, i tillegg til på kveld.
Les heile saka