Det er eit sikkert vårteikn når pussemaskina dukkar opp for å samle inn igjen restar av strøsand og støv attpå vinteren. Etter at det vart bart rundt vegkantane har vi opplev at store bilar har vispa opp mykje støv og lort. En runde med pussemakina til Veidekke sørgjer for at støvplaga kjem bort.
Les heile saka
Torsdag 27. april tek stavgangssessongen til att etter vinteren. Da inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang langs Toåa.
Les heile saka
Siste måndagen i april var det kløvertur på Kvennset, god tur etter fin skogsveg for turgåarar.
Les heile saka
Denne veka er Maria Bergli å finne mellom reolane på Matkroken Todalen. I ei veke får ho prøve butikkyrket som ho tykkjer verkar spennande og dermed hadde lyst til å prøve seg. Maria går dette året i 9. klasse på Surnadal barne- og ungdomsskule, der ho enno har eit år att.
Les heile saka
Frivilligsentralen i Surnadal inviterer til onsdagskafe i lokala til Frivivilligsentralen onsdag 26. april klokka 15:00 – 18:00. «Dess fleire me er saman, dess trivlegare blir det!»
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag klokka 11.00. Liturg er Torbjørn Brøske medan Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
Onsdag 26. april klokka 19:00 kjem Teatret Vårt til Surnadal kulturhus med forestillinga «Danse med Skjebnen». Dette er eit underhaldande musikkteaterstykke basert på songane til Dance With a Stranger. Etter strålande tilbakemeldingar frå publikum over heile fylket, kjem stykket no altså til Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Fredag 28. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til 1. mai.
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. april klokka 16:30. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 24. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Surnadal Hornmusikk inviterte til jubileumskonsert i Todalen ungdomshus laurdag 22. april, Hornmusikken fylte heile 125 år i 2021! Men da vart det koronapandemi og avlysing. I ordtaket heiter det at «den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves», og slik var det med kveldens konsert! Hornmusikken leverte ein feiande flott konsert til stor glede for publikum som var både imponert og storfornøgde.
Les heile saka
Arrangøren av vårdagane på Syltøran melder om mykje folk og stor aktivitet, og jammen går det da an å være heldig med vêret og da. Folk strømma til , og det såg ut som dei kosa seg, og både Sveen Auto, Eiksentret, Hageland og Byggmakker rapporterer om stor trafikk og mykje folk i farta.
Les heile saka