Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fredag ber det til fjells

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. juli 2023

Fredag bêr det til fjells på sommarbeite – har du lyst til å være med på turen opp Kvennsetliene, så er det berre å ta kontakt.  Vi startar i grustaket ovafor Rossåbrua med ein heil skokk med storfe, og så ber det oppover lia etter skogsvegen, opp til Gammelsetra i første omgang. Dette tek nok litt tid, for det er mykje å lukte på og vekstar å smake på opp lia.  Vi kjem nok til å starte på turen rundt lunchtida – du kan avtale nærare tidspunkt på telefon 986 32 492 til Ola.

No har det faktisk vorte vanleg å sende tørrkyr og ungdyr på fjellbeite igjen.  Det er NO Fence – det elektroniske  gjerdet – som har gjort det muleg.  No kan vi følgje med kvar dyra er på telefon eller på PC’n og kan skjekke kvar dyra held til berre med nokre tastetrykk.  Dette gjetarsystemet brukar vi no både på storfe, sauer og geit, og vi tykkjer det fungerer bra, seier Ola og Anne Berit.

På plakaten nedafor kan du skanne QR-koden (eller skrive: www.nofence.no slik at du får opp kartet og dyra som går på beite – dermed kan du unngå å treffe dyra dersom du ikkje har lyst til å treffe dei.  Da kan du f.eks. ta ein liten omveg slik at du slepp å treffe dei. 

Publisert: 12. juli 2023, 14:31