Surnadal kommune melder på sine heimesider at det blir vaksinering med både influensa- og koronavaksine i Familiens hus på Surnadal kommunehus onsdag 25. oktober, torsdag 26. oktober og fredag 27. oktober.
Les heile saka
Fredrikkekaffe i Sanitetshuset
Todalen sanitetsforening melder at laurdag 14.oktober er det Fredrikkekaffe i tidsrommet 13:00 til 16:00. Alle er velkomne med eller utan handarbeid!
Les heile saka
Innetrim på Frivilligsentralen
I går fekk Trimgruppa til Surnadal Pensjonistlag ein bra start på innetrimsesongen på Frivilligssentralen på Skei.
Les heile saka
Kjem du på kaffelag? – gratis kaffe og blautkake i Kaffekroken
Komande laurdag 14. oktober slår vi på stortromma og serverer gratis kaffe og blautkake i tidsrommet 10:00 – 15:00. Det skjer i samband med at vi markerer «Handle lokalt-dagen». Dagen blir markert over heile landet i alle såkalla «Merkur-butikkar» som deltek i Merkurprogrammet.
Les heile saka
Tøffe tak med sauesanking i snøen
Det har vore utfordrande å drive med sauesanking i år – det har vore mykje nedbør og ikkje minst har det store snøfallet i høgfjellet laga problem. Ola G. Kvendset i Viastua fortel at dei har rundt 40-50 dyr i fjellet enno – knappe 30 er berga ned frå snøen medan eit 20-tal ikkje er funne. Onsdag henta Ola ned over 20 dyr frå Tælafjellet i Romådalen, men måtte forlate dei på Husbystølen i Romadalen da kveldsmørkeret kom.
Les heile saka
Fargerikt kåra til månadens bilete i september
Kristian Gjeldnes er meisterfotografen bak månadens bilete i september, vi gratulerer! Les òg om kva lagret av innsendte bilete og ein svært lokal matbehaldar har til felles.
Les heile saka
«Plan for idrett og fysisk aktivitet» ute på høyring
Surnadal kommune lhar lagt ut «Plan for idrett og fysisk aktivitet 2023 – 27» til høyring. Høyringsfristen er sett til 3. november. Planen vil etter plana bli behandla i kommunestyret 23. november.
Les heile saka
Inviterer til Kaffeslabberas i Skulstuå søndag
Søndag 15..oktober frå klokka 12:00 – 16:00 inviterer Venner av Skulstuå i Todalen igjen til kaffeslabberas i Skulstuå. Det blir sal av kaffi og gode kaker. Leikekrok for dei minste og kortspelrom for ungdommane.
Les heile saka
Ensemble Dali med konsert i Stangvik kyrkje på søndag
Kammerkoret Ensemble Dalí inviterer søndag 15. oktober klokka 16:00 til Rakhmaninovs storslåtte Vesper i Stangvik kyrkje. Verket hadde urpremiere i 1915 og Dalí framførte verket i 2016, da i samband med koret sitt 10-årsjubileum. Dei gler seg til å bringe Vesper til liv att.
Les heile sakaForslag til brukarrepresentantar til Råd for personar med funksjonsnedsetting og til Eldrerådet
I samband med ny kommunestyreperiode, 2023 – 27, skal det veljast to brukarrepresentantar til Råd for personar med funksjonsnedsetting og nye medlemmar til Eldrerådet.
Les heile saka
Svorka med varmepumpe-kampanje ut oktober
Vinteren står unekteleg for døra, og Svorka melder i ei pressemelding at dei no kan tilby nye varmepumpemodellar, som vil vere eit godt og økonomisk suplement til oppvarminga.
Les heile saka
Surnadal kino – variert filmtilbod i haustferien
Denne veka er det som kjent haustferie, og på Surnadal kino har dei sett opp eit variert kinotilbod, som også inkluderer filmframsyningar på dagtid. Og her er det noko både for store og små!
Les heile saka