Fredag 6. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Denne gongen er du med i trekkinga av eit gåvekort på 350,- kroner, om du legg inn ei bestilling i kommentarfeltet på Lia gard si Facebookside innan onsdag 4. oktober. Vinneren blir trekt torsdag etter klokka 12:00.. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
Les heile saka
Søndag 8. oktober klokka 12:00 – 16:00 inviterer Svinviks arboret til haustferiestart med epledag i arboretet. Da blir det eplepressing, eplekake og open hausthage.
Les heile saka
Det var full trøkk heilt frå starten ved Forsamlingshuset og opp lia til inntaksdammen for Nordvik Kraft i føremiddag da Trollheimen Fjellsportklubb aarrangerte årets «Dammen Opp». Trur jammen alle deltakarane fekk betre tid i år enn dei hadde på fjorårets utgåve av Dammen Opp. Det var jamnt i toppen – Håvard Gjeldnes og Isak Drøpping kjempa om å kome først til toppen, og den kampen var ikkje avgjort før dei to var i mål. Håvard på bestetid 14,54 og Isak vart 1 sekund etter med tida 14,55.
Les heile saka
Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 8. oktober klokka 11:00, saman med årets 50-årskonfirmantjubilantar. Under gudstenesta vil også neste års konfirmantar bli presenterte.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 2. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Todalen Idrettslag har mange aktivitetar og arrangement utover hausten og førjulsvinteren, så her er det mykje å vere med på. Først ut er oppstarten på eit nytt trimår i morgon, og på måndag er det medlemsmøte for ungdommane i reiskapshuset på Bordholmen klokka 18:00, sidan går det slag i slag utover hausten og førjulsvinteren!
Les heile saka
Fredag tok alle tilsette på Melby Snekkarverksted seg fri for å dra på Todalsvisitt. Først gikk turen til Talgø MøreTre i Surnadal, der det var omvisning i Royalanlegget før turen fortsatte til Todalen – og ein rask visitt i fabrikkanlegget på Kvennset. Deretter gikk turen vidare til Brusetmarka og Gammelfabrikken som egentleg var hovudmålet for turen.
Les heile saka
Denne veka kom gladmeldinga om at SpareBank 1 SMN, gjennom sitt samfunnsutbytte, løyver kroner 25.000,- til Todalen Idrettslag sitt aktivitetsrom i reiskapshuset på Bordholmen stadion.
Les heile saka
Laurdag 30. september er siste dag i årets trimsesong i appen Trimpoengappen – «På tur i Todalen 22-23, og søndag 1. oktober tek den nye «På tur i Todalen 23/24» altså til. Todalen Idrettslag fortsett altså med den populære trimappen også i den komande trimsesongen.
Les heile saka
I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til stavgangtur til Vindøldalen. 26 stavgangarar møtte opp for å bli med på ein finvêrstur opp i Vindøladalen.
Les heile saka
Knut Haugen er for lengst komen i gang på sin nye arbeidsplass i Sparebank1 Nordmøre. Knut er direktør for forretningsstøtte, og er med i leiargruppa rundt Allan Troelsen. Orkdalingen Arne Elven har ei liknande stilling for privatmarknaden, og dei to samarbeider sjølvsagt nært. Dei to leiarane er knytt til Surnadalskontoret , men har kontorplass både i Kristiansund og i Surnadal. Banken har nemleg 2 hovudbasar – i Surnadal og i Kristiansund. Stab og støtte er fordelt på dei to basane. Disse to støttebasane sørvar eit tital lokale støttepunkt i regionen som banken betener.
Les heile saka
No er asfaltarbeidet i gang frå Ranes kyrkje og over Eidet til Åsen. Arbeidet sluttar torsdag kveld, og startar på igjen måndag morgon, og heile neste veke. Det vil nok bli ein del anleggstrafikk, og du må rekne med at trafikken blir hemma der asfaltlegginga pågår. Til og frå Surnadal er det lurt å rekne eit kvarter ekstra på grunn av asfaltarbeidet.
Les heile saka