I dag er det ein stor merkedag, når vi endeleg kan presentere det første bindet i den nye bygdebokserien, sa Lars Polden som er leiar i bygdeboknemnda i kommunen. Det første bindet omhandlar Todalen, eller rettare sagt frå Åsbøen, med Nordvik og Todalen opp til Kårvatn. Målsetninga var ein revisjon av den gamle Hyldbakk-boka «Heimar og ettar i Stangvik», men den nye boka er mykje meir – meir av alt.
Les heile saka
Vårsesongens siste tur for stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag gikk til Nauståfossen i Todalen. Det var samling på parkeringsplassen ved Kårvatn før start og så gikk turen innover til Nauståfossen som viste seg i sin finaste skrud denne dagen. Turen innover gikk etter vegen til hyttefeltet og vidare etter stien gjennom skogen fram til Nauståfossen som […]
Les heile saka
Onsdag kveld møttest ivrige turgåarar ved Hals, veret var godt, men sola heldt seg bak skyene. Vi fylte opp bilane og kjørte til Nordvik.
Les heile saka
Gruppespelet i EM er ferdig, og vi startar på sluttspelet. Det er morosamt at så mange har blitt med på tippekonkurransen, og vi håpar engasjementet fortsetter utover i sluttspelet. Første åttandedelsfinale startar laurdag klokka 15, så hugs å tippe ditt resultat før den tid.
Les heile saka
For tredje året på rad arrangerte Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret onnadag på tunet mellom Rehab og pensjonærbustadene. Veret vart riktig bra, og det vart eit yrande folkeliv med små og store i felles aktivitet og riktig triveleg samver. Det var berre blide og glade folk i alle aldrar å sjå!
Les heile saka
Dei siste kveldane har det vore iherdig snakkarar på ferde på Bordholmen. Dei ungdommelege snakkarane har bygd ein platt/terrasse på 75 m3 framfor klubbhuset. Det var «paddmark» og ujamt framfor der og plassen skal no kome til nytte for plassersing av bord og benkar både under trening og ikkje minst under Todalsdagen.
Les heile saka
Det er nok mange som har lurt på når den nye bygdeboka kjem, og no kan vi røpe det. Den kjem no, og blir å få kjøpt frå fredag 24. juni og premieren skjer på eigen stand på Norsk Laksefestival på Skei, fortel Norunn Holten frå Bygdebokkontoret i Surnadal. Dei har også planlagt å ha stand på Bordholmen under Todalsdagen den 2. juli, der du kan få kjøpe den nye bygdeboka for Nordvik og Todalen som er første bind.
Les heile saka
Komande torsdag er det premiere for årets laksefestival. Den startar alt på føremiddagen med fagkonferanse, der det blir sett fokus på laksefisket og villaksen. Men laksefestivalen er så mykje meir det, og det bys både på konsertar, tivoli, marknadsgate, fiskekonkurranse og mange andre ting frå scena framfor Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Onsdag 22. juni blir det siste trimturen i regi av trimgruppa før ferien. Turen går til Åsbøsnyta, ein fin tur og oppe på toppen er det riktig flott utsikt. Det er meldt fint og varmt ver, kanskje det blir solnedgang å sjå frå toppen. Alle er velkomne til å bli med ut på tur! Oppmøte ved Matkroken […]
Les heile saka
Det er framleis godt laksefiske i Toåa, men dei siste par dagane har det vore litt færre fiskarar. Det har nok samanheng med at det enno er få som har gått ut i ferie, men utover veka reknar vi med at det blir fleire igjen. I dag er vassføringa rundt 13 m3/sek ved Storfossen, og det er fine forhold for fiske.
Les heile saka
Svorka Energi melder om straumstans for strekninga Eidet, Stangvik og Todalen natt til fredag. Det blir straustans frå torsdag kveld kl 23 til fredag morgon kl 06:00.
Les heile saka
Ole Ingar Strand frå Relacom fikk fart på datatrafikken på Bordholmen i dag. Han kjem frå firmaet Relacom som gjør installasjonsjobben for Svorka Aksess, og kobler til og kjører i gang nyinstallasjonar med fiberbasert breiband.
Les heile saka