Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 13. juni. Start frå Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 13. juni. Start frå Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaStyret i Todalen Idrettslag informerer om at betalingsfristen for medlemskontingenten for 2022 nærmar seg. Dei fleste skal ha fått faktura for medlemskontingenten på e-post, så har du ikkje motteke slik e-post med faktura for 2022 enno, ber idrettslaget om at du tek kontakt.
Les heile sakaSøndag 12. juni, altså i morgin, er det SUPERSØNDAG på Søyabanen, med heile tre seriekampar i aldersbestemt fotball. Den første kampen tek til klokka 11:45, når Søya/Todalen J11 møter Smøla.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer ALLE i Todalen til sommaravslutning i Sanitetshuset, tysdag 14. juni klokka 18:30. Todalen sanitetsforening spanderer grillmat med godt tilbehør på alle som tek turen. Så har du lyst på grillmat og sosialt samvær, så er Sanitetshuset rette plassen denne kvelden!
Les heile sakaTodalen sokneråd fortel at det skal vere grasslått på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje i morgon, og at dei i samband med dette treng nokon til å vere med å rake opp graset. Rakinga tek til klokka 11:00, så har du lyst til å bidra litt og er heime, oppfordrar vi til å bli med på rakardugnaden!
Les heile sakaNo er det klart for månadens bilete kåring
Les heile sakaDet er ikkje kvar dag Trygve Talgø stiller ut sine måleri, for dei er nemleg spreidd over heile Midt-Noreg og dermed blir det ein stor jobb å samle inn produksjon. Men da Hege Røe spurte om han ikkje kunne kome på sjukeheimen g vise fram sine måleri så sa han ja. Han ville bidra til å gje bebuarane, mellom anna kona Jorund, eit lite avbrekk i kvardagen
Les heile sakaBankmila, som er et samarbeidsprosjekt mellom Surnadal I.L. og Sparebank1 Nordmøre blir i år arrangert lørdag 25. juni, som en del Laksedagen forteller Liv Dalsegg frå Sparebank1 Nordmøre. En del av laksedagene er også Torgdagen som arrangeres denne lørdagen. Rent praktisk er opplegget slik som vi har skissert nedenfor
Les heile sakaFjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer tysdag 14. juni til tur til Kristiansvarden. For ukjente, så ligg Kristiansvarden opp mot toppen av Skarfjellet i Søyådalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30.
Les heile sakaTakstmann Øyås AS har dei siste åra hatt ein stor vekst, og har i dag blitt eit av dei største takstforetaka i Midt-Norge. 1. mars vart Jan-Frode Vigdal frå Trondheimsområdet tilsett, og i desse dagar inngår Takstmann Øyås AS formelt samarbeid med Pål Rune Meek i Kristiansund og Ole Romslo Traasdahl frå Lesja.
Les heile sakaSnart startar oppskytinga til jegerprøven – første kveld i Ranheimsvingen blir måndag 27. juni frå kl 18:00 og utover. Etter to år med pandemi er samfunnet opna igjen, og iår er det igjen normalt program med 30 prøveskott og alle må fullføre skyteprøve for kvart rifleløp som skal brukast på storviltjakt, melder Søya og Todalen skytterlag.
Les heile sakaTorsdag kveld var det duka for eit godt gamaldags lokaloppgjer på Søyabanen, da Søya sitt 6. divisjonslag fekk besøk av nabo Surnadal 2 til seriekamp. Mange hadde teke turen for å sjå lokaloppgjeret, som vart spela i skikkeleg fint vêr på ei perfekt grasmatte.
Les heile saka