I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen. 27 stavgangarar deltok på turen, og det vart ein skikkeleg finvêrstur med 25 grader.
Les heile saka
I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen. 27 stavgangarar deltok på turen, og det vart ein skikkeleg finvêrstur med 25 grader.
Les heile sakaJon Olav Roaldset tok seg på tak da han skulle lage bakalao til alle besøkande på Byggmakkers Proffmesse på Gammelfabrikken. Han laga glatt 200 posjoner med bacalao i storgryuta, og lovprise eigenskapane til den gamle vedførte storgryta. Det var Todalshytta som sørga for trakteringa til gjestane, og Roaldset garanterte at det vart nok og lova påfyll til alle som ønska det
Les heile sakaByggmakker samla proffkundane sine (entreprenørkundane) til fagmesse på Gammelfabrikken torsdag – først på dagen var alle elevane frå BA (bygg og anlegg) invitert og her troppa det opp elevar frå 4 vidaregåande skular – Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Kristiansund, fortel Konrad Våbenø frå BM Surnadal. -Viktig at vi får med oss framtidas snekkarar på slike arrangement, seier Konrad som sett stor pris på at elevane tok i mot innbydinga og kom på todalsvisit. I tillegg til Byggmakker Surnadal er også kundane til BM Bytås og BM Tredal inviterte til Todalen
Les heile sakaLaurdag 27. august, frå klokka 17:00, inviterer Bekkerhagen Vel til BH-festivalen 2022. Frå klokka 17:00 vil grillane vere klare for grilling, så da kan du ta med deg grillmat og bli med på årets BH-festival!
Les heile sakaI dag har det pågått asfaltering igjen – denne gongen er det i kommunal regi. Det er i dag lagt ny asfalt frå krysset Todalsvegen/Myrjarvegen og heilt til endes på den kommunale vegen gjennom bustadfeltet på Kvennset.
Les heile sakaI går tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Amtlihammaren og Bæverfjordsetra. – Turen til det forjettede fjell gikk oppover skikkeleg bratte bakka forbi ein kraftstasjon som sikkert held straumprisene nede for utbyggaren, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
Les heile sakaTysdag kveld gikk årets siste klubbritt i Trollheimen Sykkelklubb, og det gjekk frå Nordvik til Kårvatn, i tradisjonelle former. Det vart eit spurtoppgjør innover Dalagjerdet med Håkon Vang Aas og Håvard Gjeldnes om breidd. Dei to vart klokka inn på 34:45,2 og 34:45,7 med Håvard først i mål.
Les heile sakaSurnadal kommune opplyser at siste frist for å bestille husnummerskilt via kommunen snart går ut. Alle 4884 adresseverdige bygg i kommunen har no fått tildelt husnummer (adressenummer). Huseigar eller festar har ansvaret for å sette opp nummerskilt på eige(ne) bygg eller eigedom. Mange har bestilt våre skilt med svarte tal på kvit refleksbakgrunn, godkjent av Kartverket.
Les heile sakaFrå september vil det bli arrangert ICDP-foreldregruppe for foreldre som har elevar på ungdomstrinnet i Surnadal kommune. Da inviterer helsesjukepleiar Heidi E. Fiske og ungdomskontakt Kristin Børset til foreldregruppe, som går over 8 veker på torsdagar. Oppstart blir torsdag 22. eller 29. september, men dette vil bli kunngjort til deltakarane i god tid før oppstart.
Les heile sakaDet er kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune som no er i gang med arkeologisk undersøking i den framtidige vegtrasèn i Svinvika. Arkeologar er no i gang med å ta ut prøvar frå sjakter som er gravd fram på innmarka, og det er gjort eit par små funn så langt i prosessen. Det er funne ei kokegrop og litt gammel dyrkingsjord med dei stikkprøvane som er gjort til no. Heile nesset, med arboretet og Svinvika er med i prosjektområdet der det no skal gjerast forundersøking.
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen torsdag 25. August. Parkerer ved brua, så går turen derifrå og opp til setra. Oppmøte klokka 11:00.
Les heile sakaDet er mykje fokus på at fjellbeitene grør att og at det veks att med kratt og buskas langt til fjells. Det er nok fleire årsaker til at utmarka gror att, men to vikige faktorar er nok mangel på beitedyr, både sauer og storfe, og så er det klimaendringane. Vi har vel ikkje noko umiddelbar løysing på nokon av problema, men vi tykkjer det er synd at den fine fjellbeita vi har her i Trollheimen ikkje blir nytta ut. Vi kjem vel både borti næringspolitikk og rovdyrpolitikk dersom vi skal diskutere dette.
Les heile saka