Torsdag 10. november klokka 18.00, på møterommet på Surnadal sjukeheim, inviterer Surnadal demensforening og helselag til foredrag om sjukdommen demens. Da kjem fastlege og spesialist i allmennmedisin, Kari Løvendahl Mogstad og held foredrag om temaet.
Les heile saka
Talgø og Kårvatn jaktlag fekk full utteljing under jakta i dag – det vart både elgokse, kronhjort og ein spissbukk. Etterpå vart det travelt med slakting, da kveldsmørkeret nærma seg fort. Kronhjorten og spissbukken vart skotne i området ved Vassosen i nærleiken av Kokkhuset, medan elgen fall lengre til skogs. – Den var liggande ved Storfjellstigen, rett utfor Lomtjønna.
Les heile saka
Under Idrettslagsbasaren i Todalen ungdomshus, i morgon søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00, vil det bli premiering for «Trimåret 2021/22», 1. oktober 2021 – 30. september 2022. Det blir delt ut premie til dei tre med flest innfjekk på turarmåla, til dei som har sjekka inn på alle turmåla, og til nokre tilfeldig uttrekte som har sjekka inn på eit av dei 27 turmåla.
Les heile saka
Måndag 7. november klokka 14:00, inviterer Teatret Vårt til «mimrestund» med Astrid Overaa i Todalen ungdomshus. Fordi «Den kulturelle spaserstokken» i Møre og Romsdal fylkeskommune støttar denne «lune stunda» økonomisk, så er til og med fri inngang!
Les heile saka
Søndag 6. november klokka 11:00, inviterer Trollheimen fjellsportklubb til miniløpet «Dammen opp». Dette er eit løp på i underkant av tre kilometer, og går opp Damveien på Nordvik, vegen som går opp dit ein kan køyre for å gå mot Ytre Sula/Nordviksula.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening har på medlemsmøte 1. november vedteke å nominere Kari Løvendahl Mogstad til å motta Fredrikkeprisen 2023.
Les heile saka
Søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00 er det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Siste dag med førehandssalet av lodd, er i dag, fredag 4. november på Matkroken Todalen frå klokka 10:00. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Hugs å skrive namnet på loddkjøpar når du kjøper via Vipps. Siste frist for å kjøpe lodd via vipps, er laurdag 5. november klokka 24:00.
Les heile saka
Søndag 6. november er det allehelgensgudstenester i kyrkjene i S. Ei samling med vemod, men også lys. Ein ny tradisjon har vakse fram dei siste par tiåra. Allehelgensdag tek opp i seg to gamle høgtidsdagar – ein for alle heilage utan eigen minnedag (Helgemesse, opprinneleg 1. november) og Alle sjelers dag, 2. november. I Todalen kyrkje er det Allehelgensgudsteneste 6. november klokka 11:00.
Les heile saka
Tidlegare redaktør i Driva, og no forfattar, Svein Sæter, er saman med dottera, Yngvild Sæter, klar med ny bok. Surnadal bibliotek inviterer difor til lansering med Svein Sæter tysdag 8. november klokka 19:00 på Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Sanitetsforeiningane i Todalen og Surnadal har ei felles Omsorgsberedskapsgruppr. Denne veka markerer dei den nasjonale eigenberedskapsveka rundt om i Surnadal kommune. Eigenberedskap er dessverre meir aktuelt enn på lenge, med krig i Ukraina, cyberangrep og hyppigare ekstremvêr, som mellom anna fører til flaumar, straumbrot og mobilnettutfall.
Les heile saka
Onsdag 9. november klokka 19:00, inviterer Litteraturhuset i Møre og Romsdal og Surnadal bibliotek til møte med den lidenskaplege Bob Dylan «nerden» Espen Aas, i kinosalen på Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Måndag 7. november inviterer Tearer Vårt til «mimrestund» med Astrid Overaa i Todalen ungdomshus.
Les heile saka