I forbindelse med ekstremværet Tor er Svorka i beredskap. Det er stor fare for strømbrudd og brudd i våre bredbåndsforbindelser, og alle våre kunder kan følge utviklingen gjennom våre hjemmesider eller Facebook. Hvis det er noen som har opplysninger om trær over linjer eller annen informasjon, ta kontakt med oss på telefon 07165. Ved skade […]
Les heile saka
Det er stor fokus på ekstremvêret som er i vente fredag kveld. Det er venta sterk storm på kysten, med vindkast opp til orkan styrke innover land. Det meldte ektremvêret er faktisk samanlikna med «Dagmar» som også gjorde ein del skade på indre strøk – mellom anna på Ansnessaga.
Les heile saka
Etter kulda er det mykje is utover Stranda. Med varmegrader og tining er det lurt å være litt forberedt på at det kan kome isblokker ut i vegen. Utover Stranda er det erfaringsvis fleire plassar at dette skjer kvar gong det er ein lengre mildvêrsperiode. – No er det mykje is og da vi passerte […]
Les heile saka
Tilflytting og aukande behov for barnehageplass har vore ei utfordring for Stangvik barnehage. I dag er det 45 born i barnehagen, men snart blir dei 50. Før jul vart den nye avdelinga klar til bruk, og torsdag var det klart for offisiell opning av den 4. avdelinga ved barnehagen. Nå er det tilsaman 67 barnehageplassar ved dei 4 avdelingane, og det er i dag 17 tilsette ved barnehagen og snart blir dei 18.
Les heile saka
Denne bloggen er skrevet av Toril Redalen, den skal handle om livet i og utenfor bygda vår, men er mest en snikhyllest til Todalingen…å kjærlihæta.
Les heile saka
Sjøl om det er godt over seksti år sia Torbjørn Egner skreiv boka, er «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» stadig like populær for dei minste. Tirsdag 2. februar kjem alle dyra til Surnadal kulturhus, og vi kan gi ut tre gratisbilettar til forestillinga.
Les heile saka
Onsdag var det torvtekkjing på nyhuset til familien Gjeldnes/Skjerve i Bekkerhagan. Dei har venta på mildvêret etter siste snøfallet for å få lagt på torv etter at det vart tett tak og nytt tro var ferdig til jul. Denne veka er det lagt på isolasjon og gjort klart til torvtekkjing og onsdag kom bilen frå Frosta med eit heilt lass med torv, og kran for å løfte torva på plass. I løpet av 2-3 timar var begge taksidene dekt og jobben var gjort.
Les heile saka
Har du lyst til å drive med sal og er interesert i friluftsliv og vintersport har Kårvatn Fjellustyr ein jobb som er midt i blinken for deg! Kårvatn Fjellutstyr har butikk på Kårvatn, med allsidig utval i klær for både sport og fritid, samt klatreutstyr og er av dei leiande i distriktet på utstyr til randonee- og alpinsport. Bla vidare og les annonsen!
Les heile saka
Stangvik historielag avviklar sitt årsmøte for 2016 tysdag 2. februar. Det skjer på Stangvik oppvekstsenter, og startar kl 19.15. På agendaen står vanlege årsmøtesaker. Elles kan dei by på servering, og så får dei besøk av Sven Olav Svinvik frå Todalen historielag, som kjem for å vise og fortelje om arbeidet med å digitalisere gamle fotografi, melder styret.
Driftsstyret for vinteranlegg, snøskuter og Skihytta informerer om drifta utover vinteren. Dei er ansvarlege for lysløypa, skihytta og for oppkjøring av skiløyper. I tillegg har dei løyve for leigekjøring på sørsida av bygda, medan Gunnar Nordvik har løyve for nordsida. Lysløypa på Tjønnmyra Det er no kome snø i lysløypa og det er kjørt opp […]
Les heile saka
I dag vart årets aller første barn i løypa arrangert på Tjønnmyra. Godt med folk der både store og små møtte opp for å teste skiferdigheitene. Etter ein del regn på føremiddagen var det likevel kjempefine forhold i lysløypa med nypreparete spor. Ski- og friidrettsgruppa var arrangør og serverte varm saft til den som hadde behov for litt påfyll etter kvart.
Les heile saka
Ja, det var nettopp tittelen på kåsesiet til Einar Oterholm, da Todalen historielag inviterte sine sambygdingar til «Ettermiddagskaffe» i Ungdomshuset søndag. I sitt kåseri kunne han by på både innføring i korleis augene virkar og korleis dei virkar i lag med hjarnen, litt synstesting, optiske bedrag – vist på lystbilder og som øvelsar som publikum deltom i – og fikk forklart kvifor det var slik.
Les heile saka