Kva er dette for slags reiskap, lurer Nils Gjeldnes. Da han og kona Synnøve overtok husa på Snøya for nokre år sia, kom det for dagen mykje gamalt utstyr og reiskap som har vore bruka av dei 4 søskena som bodde der i gamle dagar. No lurer altså nil på kva dette er for slags utstyr?
Les heile saka
Måndag 2. oktober arranger Todalen oppvekstsenter «SKOLELØP for TV-aksjonen NRK UNICEF 2017». Mottoet for aksjonen er: «Løp for hvert barns rett til skolegang!»
Les heile saka
Tordenskjold Songlag inviterer i morgon til konsert i Todalen Ungdomshus kl 19:30. Her blir eit rikhaldigt reportoar med Edith Piaf og Les Miserables og enda litt til.
Les heile saka
Surnadal Ungdomskule melder no om at årets 10. klasseprosjekt «Hainnjåhaft» blir oppsett også på torsdag kveld. Forestillinga har fått strålande kritikkar av media, og av dei som overvar premieren i går kveld.
Les heile saka
I årenes løp har det blitt mange trivelige turer i Todalen. Det ble det også denne dagen, tirsdag 26. september. 21 turgåere fikk en fin tur i et praktfullt høstlandskap
Les heile saka
Siste måndagen i september var det duka for ny Kløverrusletur. Sola skein frå skyfri himmel og det var ikkje ein gong vind på Kvennsetørå – ideelt turver!
Les heile saka
starten da Coop kjøpte den meir eller mindre havarerte ICA-kjeda var det provisoriske skilt på veggene på hals-butikken. No er Norsk butikkdrift godt i gang, og har befesta stillinga i Norge på bekostning av mellom anna Rema1000.
Les heile saka
Denne veka har det vore gjennomført eit kunstprosjekt i Svinviks arboret. Pilfletting har stått i fokus, og det har vore kunstnarane Jorun Kraft Mo og Marit Moen som har vore prosjektleiarar, medan deltakarane i prosjektet har vore lærarar og andre som har lyst til å lære denne kunsten – mellom anna har Start 4H vore aktive deltakarar i programmet.
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag og Eldrerådet markerer Den internasjonale eldredagen på Surnadal kulturhus den 6. oktober kl 11.00, der dei inviterer til middag og underhalning. Alle er velkomne til å bli med på arrangementet, der det er inngangspengar på kr 150. Påmelding til Jorunn Ness, tlf. 90151989 innan 4. oktober.
Hjortjakta er godt i gang, men så langt har det ikkje vore så stor aktivitet. Hittil er det stort sett Kårvatn Jaktlag som så langt i jakta kan vise til resultat, medan Kvennset felte ein spissbukk forrige helg. Sist laurdag gikk imidlertid storhjorten i garnet på Sørsida jaktlag. Vekta viste 143 kg etter at hjorten var slakta, og det skal være ein av dei største som er felt på Sørsida i nyare tid.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag arrangerer medlemsmøte på sjukeheimen 26.9. kl 1500, melder leiar Kristian Ranes. Det blir song og musikk, quiz-konkurranse, servering og loddsal. Vi ønskjer alle vel møtt!
Årets Demensaksjon i Surnadal kommune ga full pott – kr 110.960,00, og sjølvsagt ny rekord, fortel Liv Botten i Surnadal Demensforening til Todalen.no. Innsamlingsaksjonen er no avslutta, og Liv helsar med stor takk til årets russekull ved Surnadal Vidaregåande skole og til andre som har vore til stor hjelp under innsamlingsaksjonen. På bildet er russen samla til kos med sjokoladekake etter at innsamlingsaksjonen var avslutta.