Med 34 lag på 5 baner, knøtteløp og Ræta opp seier det seg sjølv at det har vore full fart og vel så det på Bordholmen i dag. Og i å med at veret var direkte heilt fenomenalt fantastisk, kan det ikkje anna enn seiast at dagen så langt har vore perfekt for arrangørane.
Les heile saka
Heile 121 solgte startnummer til årets Ræta opp må seiast nok ein gong å vera ein suksess. Ansvarleg Ingvild Kårvatn melder i etterkant om at heile 10450 kroner kom inn under dagens mosjonsløp, pluss at Surnadal Sparebank har sponsa deltakarbevis for alle.
Les heile saka
Presis kl 9.30 satte speaker Magne Hansen igang dei 5 første kampane i TodalsCupen på Bordholmen i Todalen. 34 lag deltek i fotballcupen i år, og med blå himmel og god utetemperatur ser dette ut til å bli en drømmedag på Bordholmen.
Les heile saka
Snart er det klart for startskotet for Todalsdagen 2014. Fredag kveld var det hektisk aktivitet for å få alle førebuingane unnagjort og det var dugnad både på Bordholmen og i Ungdomshuset for å få alt klart til starten laurdag morgon. Mange var innom redskapshuset på Bordholmen med mange fine lopper, og det er enno ikkje for seint å levere. Rekk du det ikkje i kveld, så har du mulegheit i morgon tidleg. Loppemarknaden opnar kl 10.00.
Les heile saka
Todalen idrettslag er i full gang med nedteljinga til Todalsdagen, der det er fullt program bokstaveleg talt frå morgon til langt på kveld. Det blir mykje fotball, loppemarknad, mosjonsløpet «Ræta Opp», trekning i SuperLotteriet, fotballfinalar og rundar av med konsert og dans med Glittertind i Todalen ungdomshus laurdag kveld. Lokalt er iet fargerikt og flott programhefte på 20 sider putta i postkassen…..
Les heile saka
Torsdag 26. juni møttest stavganggruppa på Kårvatn, parkerte bilane og gjekk opp til Nauståfossen. Fossen hadde nok vore temmeleg mykje større i regnveret siste helg, man viste seg majestetisk fram i dag òg. Etterpå ber det ned til Myrvang, der Liv og Jon tek imot oss med opne armar som alle tidlegare år, og Liv møter oss med eit stort fat saftige, oppskorne melonar.
Les heile saka
Dette er ei gladsak, seier Gudmund Kårvatn, som endeleg har fått hala i land avtale med Norges Skiforbund om levering av klær til landslaga i telemark og randonee. No gler dei seg til samarbeidet med forbundet og sjølvsagt levering av utstyr til landslagsdeltakarane.
Les heile saka
Parkering foregår på SIAS vis a vis fotballbanen i Todalen og på baksiden av Talgø Møbelfabrikk. Fra baksida av Talgø Møbelfabrikk går det ein sti 50 meter til fotballbanen.
Vennligst unngå å parkere på ekrene.
Velkommen!
Hilsen Todalen IL
Molde Sanitetsforening hadde i år lagt sommaravslutninga si til Svinviks Arboret. Her skulle dei ha enkel servering av grønsakssuppe og litt kaffe før dei skulle ta runden i arboretet før dei reiste heim. Det var før Todalen Sanitetsforening fekk nyssen i at dei skulle på desse trakter. Og då vart ikkje det opplegget godkjent… Leiar i Todalen Sanitetsforening Maren Ansnes tok kontakt med leiar Eva Refsnæs i Molde og inviterte dei dermed på ein rundtur i Todalen i tillegg.
Les heile saka
Talgø har sitt ferdigvarelager på industriområdet Lomoen ved Vinstra sentrum. Derfrå går distribusjonen av Talgø-produkt ut i den «store verden», kvar veke med 12 kjøreruter rundt heile Noreg, samt ei rute til Sverige. Eit eige selskap, Talgø Logistikk driftar lageret, som disponerer 20.000 m2 med lagerplass på eit tomteområde på rundt 54 dekar. No bygges det heilt ny E6 frå Fryasletta syd for Vinstra, til Sjoa som ligg nord for Vinstra. Den opnar hausten 2016, og da blir lageret på Lomoen liggjande midt i smørauga, seier konsernsjef Terje Talgø.
Les heile saka
Frå og med torsdag 26. juni vil det bli pålegg om gjenutsetting av all holaks i vassdraga på Nordmøre, Sør-Trøndelag og i Trondheimsfjorden i Nord-Trøndelag. Dersom midtsesongsevalueringa viser at gytebestandsmålet ikkje blir nådd, blir i tillegg sesongen avkorta med 14 dagar.
Les heile saka
Torsdag kveld klokka 18 er det samling i Skulstuå for alle 4H’arar i Todalen. Då blir det litt styresaker, framdrift med prosjektoppgåver, planlegging av haustprogramm og ikkje minst servering av pizza.
Les heile saka