Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for resten av 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no.
Les heile saka
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for resten av 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no.
Les heile sakaHeilt sia 2012 har Trollheimsutstillinga vore på flyttefot – i samband med renoveringa av Stangvik skule vart utstillinga demontert og flytta til dei gamle tannlegekontora ved ungdomsskulen på Øye. Etter renoveringa på Stangvik skule vart det aldri plass til å montere utstillinga igjen, og når ombygginga av Surnadal Barne- og ungdomsskule starta for 2-3 år sia, så vart utstillinga flytta nok ein gon – denne gongen til den nedlagte skulen i Bøfjorden.
Les heile sakaI dag starta tre karar frå Todalen historielag arbeidet med å pusse opp loftet i ungdomshuset, slik at Halse-samlinga som i dag er lokalisert i skulen, kan flyttast til ungdomshuset. Dette fordi skulen no er lagt ut for sal, og at Halse-salinga da blir «huslaus». Halse-samlinga har tidlegare vore lokalisert på Haugabu, på Todalshytta, i gammelskulen og i skulen, men blir altså no flytta til ungdomshuset.
Les heile sakaSiste måndagen i oktober var det fint ver, sol og stille, – men mange minusgrader. Ti jenter stilte på rundturen frå Snøya til Hjellnes.
Les heile sakaOmsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening vil minne alle på at i veke 44 – frå 30. oktober til 5. november – er det viktig at alle set fokus på eigenberedskap. Kvar husstand bør ha vatn, mat, varmekjelder, lys, eigne medisinar med meir til å greie seg i minst fire dagar viss det blir krise.
Les heile sakaFredag 3. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt!
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 30. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDersom du hadde eit auge på kveldshimmelen laurdag kveld, så vart du kanskje vitne til ei delvis måneformørking i nokre minutt. Den var på sitt største kl 22.14, og skuggen av jorda dekte da ein liten skalk. Når dette skjer så ligg sola, jorda og månen på linje, slik at jorda altså kastar skugge på månen.
Les heile sakaMed aukande straumprisar er det sjølvsagt aktuelt med vedfyring igjen. Dei siste par månadene har regnet sørga for å halde straumprisane nede – sågar eit par dagar på minusnivå. Men så kom finvêret og litt kulde, og da vart det straks aktuelt å fyre opp i omnen igjen. Bjørn Kvendset rusta seg på skogsarbeid og vedhogging i Lykkjebygda i dag – det er nok ved for neste sesong, og leveringsklar først til sommaren.
Les heile sakaNeste søndag, 5. november frå klokka 15:00, inviterer Todalen Idrettslag til Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. I dag tek førehandssalet av lodd til basaren til via Vipps. Måndag 30. oktober klokka 10:00 – 14:00 og fredag 3. november klokka 10:00 – 15:00, vil i tillegg folk frå idrettslaget selge lodd på Matkroken Todalen.
Les heile sakaNatt til søndag 29. oktober er det atter tid for å stille klokka. Da er det slutt på sommartida for i år, og du må stille klokka tilbake ein time. Det vil seie at du får ein time ekstra natt til søndag – ein slags bonustime som du kan nytte til å sove ein ektra time dersom du vil. Vil du være heilt korrekt så skal klokka stilles ein time bakover frå kl 03 til kl 02.
Les heile sakaLaurdag er det jebbursdagfeiring på gang i Kaffekroken. Da er det 111 år sia Lars Hals starta butikken på Todalsøra under namnet L. Hals. Dette blir feira med gratis kaffe og bakels med graut.
Les heile saka