I ei melding frå Surnadal bibliotek som tikka inn no i ettermiddag, får vi informasjon om opningstidene og kva tilbod biblioteket kan lokke med gjennom sommaren.
Les heile saka
I ei melding frå Surnadal bibliotek som tikka inn no i ettermiddag, får vi informasjon om opningstidene og kva tilbod biblioteket kan lokke med gjennom sommaren.
Les heile sakaStarten av juni har etter kvart vorte tida for førsteslotten. Etter ein lang «tørkeperiode», fram til helga, var fleire av bøndene spente på korleis resultatet av førsteslotten ville bli i år. Ser ein på talet rundballar som så langt er ferdigballa, så ser resultatet ut til å bli omlag som normalt. Det har etter kvart […]
Les heile sakaStavganggruppa i Surnadal pensjonistlag inviterer til tur torsdag 10. juni. Turen går frå Sunna og opp mot Rindal sentrum.
Les heile sakaSommaren er endeleg komme, både på kalenderen og i vêret. Det betyr også at vi skal stemme fram vinnaren av månadens bilete for mai.
Les heile sakaSol, mild bris og akkurat passe heitt; ein riktig fin dag for kløvertur. Tur i nærområdet, men likevel nye plassar å utforske.
Les heile sakaOnsdag 9.juni klokka 17:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til friidrett på Bordholmen stadion. Det blir lengdehopp med tilløp, stille lengde, kast av liten ball, 60-meter springing og 400-meter springing.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.
Les heile sakaOnsdag 9.juni inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til loppemarked på Bordholmen frå klokka 19:00 – 20:00. Sidan det ikkje skal vere loppemarked under Todalsdagen i år, så inviterer Trimgruppa istaden til loppemarked onstag 9.juni. Det er «loppene» som er at frå dei tidlegare åra som no blir selt, så her er det mogleg å gjere eit «røvarkjøp».
Les heile sakaI går tok Søya/Todalen sitt J10 lag turen til Kristiansund for å spele to seriekampar på same dag. Første kamp var mot Frei, medan kamp nummer to var mot Nordlandet.
Les heile sakaAsle Beck og Eirik-André Rydningen rakk akkurat å runde av friluftskonserten på bakkan framfor Todalshytta før regnet meldte sin ankomst. Det er jammen ikkje mange kveldane i løpet av sommaren at ein kan oppleve så fine kveldar, og kan nyte eit musikalsk kulturprogram som hadde høve til i kveld. Det er heilt fantastik å kunne nyte så flott musikk, og samtidig kose i sommarkvelden.
Les heile sakaI dag starta utleige av elsyklar i Todalen. Det er Todalen Grendalag som administrerer utleiga av dei fem elsyklane, som du kan leige. Syklane står på Matkroken Todalen, og må leverast der etter bruk. Syklane blir leigd ut i tidsrommet mellom klokka 10:00 – 20:00. Leigeprisen per sykkel er kr. 200,- pr. dag samt familie som kostar kr. 400,- pr. dag (inkluderer 3 syklar og sykkelvogn).
Les heile sakaTodalen Idrettslag treng smørgrautkokarar for å koke graut når det skal vere open kiosk på Bordholmen stadion. Bortsett frå Todalsdagen er det nok med ein grautkokar til kvar kveld kiosken er open. Det ser ut til å bli mellom 5 – 10 kveldar kiosken vil vere open denne sesongen. Idrettslaget stiller med mjølk, smør og kveitemjøl. Ingrediensane får ein utlevert på Matkroken Todalen frå 2 dagar før.
Les heile saka