Siste Kløverturen i 2018 gjekk etter Toåa tursti. Det vil seia at kløverturgjengen starta frå Halsbua og gjekk nedom fabrikken, forbi Bordholmen og vidare til Halsabrua før vi tok inn på stien langs elva. Det vart pause i Gunnøya – sjølvsagt skreiv alle namn i turboka. Vidare gjekk turen oppover langs elva, forbi Båthølen og Tømmermelhølen og over ekra til vegen. Dette blir ei riktig kjekk turrute når Toåa tursti blir ferdig.
Les heile saka
Laurdag 17. november kl 13.00 er det klart for opning av ustillinga «Haustlys 2018». Det skjer i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus, der Styrkår Brørs er hovudutstillar i tillegg til 6 andre lokale utstillarar.
Les heile saka
Søndag ettermiddag er det nytt bokslepp for Todalen historielag. Da er det klart for premiere for årsskriftet for 2018, som da er klart frå trykkeriet og dermed klart for utdeling og sal. Heilt nytt denne gongen er det at boksleppet skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka.
Les heile saka
Trimmen på Landbrukshuset som hittil har vore på onsdager blir av praktiske grunnar flytta til torsdagar kl 11. frå komande torsdag 15. november, melder Surnadal pensjonistlag, Stavganggruppa. Bli med og fyll på med trim på dei innendørs trimaktivitetane gjennom vintersesongen, oppfordrar leiar Kristian Ranes.
Les heile saka
Måndag 12. november er det bibliotekkveld i Todalen skule. Det blir da markering av Nordisk litteraturveke. Temaet for litteraturveka er «Heltar i Norden». Arrangementet er i tidsrommet 17.30 – 19.00 i biblioteket.
Les heile saka
Laurdag 10.november var det klart for hogstdugnad i Toåa tursti. Ni karar med motorsag gjekk laus på lauvskogen langs elva. Det vart raskt felt mange tre, men det er mykje å ta av! Skogen, mest older, hegg og selje, står tett langs heile elvekanten.
Les heile saka
Todalen IL og prosjektgruppa i Toåa Tursti minner om dugnaden ved Båthølen i morgon laurdag klokka 10.
Les heile saka
Fullt hus, kjøle god mat og blide ungar – det var riktig triveleg og god stemning under dagens middag i Sanitetshuset. Det var omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som inviterte bygdefolket til søndagsmiddag på ein torsdag.
Les heile saka
Stieg Larsson sine bøker om datahackeren Lisbeth Salander lever vidare i amerikansk film med premiere fredag 9. november.
«The Girl in the Spider’s Web” hentar handlinga si frå oppfølgaren til Larsson sine tre bøker; nemleg «Det som ikke dreper oss» av David Lagercrantz.
Les heile saka
Integreringa i Surnadal inviterer igjen nye og gamle innbyggere i Surnadal til bygdekveld for å bli bedre kjent og ha en hyggelig kveld sammen. Det er GRATIS inngang og GRATIS servering av internasjonal mat og drikke på Surnadal kulturhus tirsdag 13. november klokken 18.00.
Les heile saka
På laurdag vart det rigga til med ny fotoutstilling i AMFI Surnadal. I dei gamle lokala til tidlegare gullsmedbutikk Diamant har no Surnadal Fotoklubb sett opp ei utstilling som er ope i senterets åpningstider.
Les heile saka
Forrige helg var Todalen IL representert i NM i halvmaraton i Stavanger. Her deltok Erlend Halset for sin hjerteklubb og sprang inn til 1.45 på halvmaraton som er ca 21 km. Erlend har sendt oss ein liten rapport frå løpet.
Les heile saka