Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: – Film, basar og byttemarknad

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. april 2019

Søndag blir ein dag med rikhaldig program i Todalen Ungdomshuset.  Dagen startar med innlevering til byttemarknaden i kjellaren frå 15-17, der du kan kome og levere bruka, men heilt idrettsutstyr av ulik art. Litt seinare på dagen frå 17-19 er det byttemarknad, og kl. 17 startar også basaren. Kl 18 fortsett det med filmframsyning, der Svein Åge Saksen viser film frå – «Smellet i Trollheimen» og frå «Talgøpensjonistane som hadde samling på Gammelfabrikken – begge filmane frå 2006.

Ved Slåttøya og nedover mot Båthølen er det rydda skog for å få plass til tursti nedover langs elva. Foto: Jon Olav Ørsal

Meir detaljert program ser slik ut:
15-17: Ein kan komme og levere bruka men heilt (og eventuelt reint) idrettsutstyr av ulik art (skiutstyr, fotballutstyr, akebrett, golfutstyr, osb)
17: Basaren startar
17-19: Byttemarked i 1. etasje. Ein treng ikkje bytte i mot. – Om ein berre ønskjer å levere går det heilt fint, utan å ta med seg noko i retur – eventuelt utstyr som blir til overs går til loppemarknaden på Todalsdagen. Her har du eit fint høve til å rydde litt i utstyrsboda, kanskje?
18: Filmfremvisning av Svein Åge Saksen. Smellet i Trollheimen og Talgøpensjonistar. Begge frå 2006.
Ca 19: Trekning av basarbordet

 

Det blir naturleg vis salg av ettermiddagskaffe med noko godt attåt. Og åresal med mange fine gevinstar, sponsa frå fleire lokale bedrifter. Bedrifter som velvillig stiller opp med ulike ting til mange gode formål – gong etter gong!

Publisert: 3. april 2019, 21:33