Rykker det i turfoten, men du har gått deg litt lei av dei faste trimpostane? Får du besøk i helga og lurar på kva du skal vise fram av bygda? Er du ny i bygda og ser ikkje stiane for berre fjell? Fortvil ikkje, 11 ulike turar med ulik pulsgrad ligg ute på nettstaden morotur.no. Og […]
Les heile saka
Kommuneoverlegen testar no bredt etter at han slit med å finne smittekjelda til personen som fekk påvist covid 19 på måndag. Foreløpig er 15 personar i karantene etter å ha vore i kontakt med den smitta. Kommuneoverlegen oppfordrar no folk som har vore ute og reist om å teste seg.
Les heile saka
Laurdag 22. august er du invitert til å bli med på haustens finaste løpetur – enten som deltakar eller som publikummar. Den dagen går nemleg Kårvatn Skyrun av stabelen, og dersom vêrgudane spelar på lag blir det ei stor oppleving, både for deltakarane og for publikum. Du er garantert naturoppleving av ypparste klasse.
Les heile saka
Da er du velkommen til å bli med i koret vårt, Tordenskjold songlag, skriver leder Elsa Kvande i en e-post til Todalen.no. Oppstart er onsdag 19.august kl. 19.00 i Svorkasalen på Surnadal kulturhus.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 24. august og tysdag 25. august. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391.
Les heile saka
I ei pressemelding skriv Surnadal kommune at vi enno har berre eitt påvist smittetilfelle, og at framleis arbeides med smittesporing. Vaksenopplæring og integrering er stengt ut veka inntil vi har fått full oversikt. Personar som har vore i nær kontakt med personar som no er i isolasjon blir kontakta for testing. Nærkontaktar følgjer karantenereglane.
Les heile saka
Det vart i dag påvist eitt nytt tilfelle av covid-19 i Surnadal kommune. Det er ikkje tal om festsmitte blant ungdom, men derimot dreier seg om muleg smitte via utlandet. Det er sett i verk smittesporing og vedkommende er isloert.
Les heile saka
Sommerferien er over og tiden er kommet for stavgang! Første stavgangturen etter ferien starter med å vandre rundt Igltjønna i Rindal. Møt opp til vanlig tid, torsdag 13. august, kl 11:00, ved Igltjønna. – Vi satser på finvær og tror det kan det bli en trivelig dag, skriver pensjonistlaget i en e-post, og som legger til at nå ser vi fram til møtes igjen!
Familien Kvendset har underhalde oss før – sist i Skulstua for eit par-tre år sia. Familien er nemleg ein musikkfamilie med stor M, og da Sigrid Kvendset skulle presentere familien på gårdagens song og musikkmøte så sa ho at det er aldri stille eit sekund heime hos oss.
Les heile saka
Godt over i august og klare med juli sin kåring av månadens bilete. Mukje fine bileter som alle fortjener heder og ære. Gje din stemme til det du likte best. Takk til alle som har sendt oss bidrag
Les heile saka
Lørdag 8. august kom nye «Stangvikfjord» til Kristiansund fra Havyard-verftet i Sogn. Den er søsterskip til de to nye ferjene som er satt i rute på Edøyfjorden, «Smøla» og «Møringen». Med en kapasitet på 50 biler og en fin utsiktssalong med selvbetjent kiosk, er dette populære ferjer som gir de reisende en flott opplevelse over fjorden med kaffe og svele.
Les heile saka
Todalen historiela har eit årleg arrangement med historisk vandring i ei av grendene. No var turen komen til Hala, der Eivind Grønmyr og Trygve Halle med fleire hadde regien på programmet som informantar. Dei siste åra har det faktisk vore litt historisk sus over Halagrenda, der fylkesarkeologen har funne spor etter gamal busetting – faktisk helt attende til 400-talet. Frode Grønmyr hadde sett seg godt inn i historia og hadde ei interessant forteljing om Hala-grenda i historisk til fram til nyare tid.
Les heile saka