Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koronavaksineringa av heimebuande i gang

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. januar 2021

I dag fekk dei første 19 heimebuande personane over 85 år i Surnadal kommune si første sprøyte med koronavaksine. Vaksineringa vart gjennomført på scena i kulturhuset. Da går det rundt to veker før neste dose må takast, slik at vaksina verkar som den skal. 

Neste veke vil 55 nye personar få koronavaksina. SMS med tilbod om vaksinering er allereie sendt ut til dei dette gjeld. Her får ein og praktisk informasjon om gjennomføringa. 

Den praktiske gjennomføringa av dagens vaksinering gjekk kjempefint og alt fungerte som planlagt. 

Mange frivillige stilte opp for å hjelpe til med gjennomføringa av vaksinering. Foto: Surnadal kommune.

Publisert: 29. januar 2021, 18:06