Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Barn i løypa» i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. januar 2021

Ola Dalsegg i Todalen Idrettslag si Barne- og ungdomsgruppe melder at det blir «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 17:30. Han minner om 1-metersregelen og dei andre Koronareglane må følgast. Som følge av smitteverntiltaka blir det ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 

Les heile saka

No blir det 4 dunkar og ein sekk!

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. januar 2021

Remidt melder at det blir ny ordning med leveringa av avfall i løpet av året.  Vi har tidlegare 2 dunkar og ein sekk – no får vi to nye dunkar for å kjeldesortere i.  Dei nye dunkane skal brukast til matavfall og ein til glas og metall. Målet er at det skal bli mindre restavfall som skal brennast og meir utsorter avfall til gjenvinning. 

Les heile saka

Vi vart 7 todalingar færre i 2020

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. januar 2021

Ferske tal syner at vi vart 7 todalingar færre i 2020, noko som svarar til ein nedgang på 2,3% i høve til 2019. Det er folketalet i Todalen (Svinvik – Kårvatn) pr. 31.12.2020 samanlikna med 31.12.2019 som syner dette. Gjennomsnittsalderen auka frå 46 år (2019) til 46,8 år (2020). Fordeling mellom kjønna var 31.12.2020, 137 kvinner og 165 menn. Grunnen til at Svinvik blir rekna med i folketalet for Todalen, er at folketalet i Todalen følger gjeldande skulekrinsinndeling og ikkje postnummeret.  

Les heile saka


KNT satsar vidare i Innerdalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. januar 2021

Mest truleg blir KNT kjøpar av Innerdal Turisthytte, når Iver og Torill Innerdal no vil selje Innerdalshytta – som er livsverket deira i Innerdalen. Kjøpar blir KNT – Kristiansund og Nordmøre turistforening, dersom ekstraordinært årsmøte den 8. februar gjev si godkjenning. Kjøp av Innerdalshytta er einaste sak på dagsorden.

Les heile saka

Årets bilete 2020

Mari B. Redalen Laurdag 23. januar 2021

Det syns kanskje ikkje på bileta at året 2020 vart litt annerledes, mange flotte bilete er satt opp til kåring for å bli årets bilete for 2020. Vi ynskjer hjelp til å finne riktig vinnar. Stem på din favoritt i veka som kjem. Og den med flest stemmer vinn sitt eige bilete innrama og klart til å henga på veggen. Årets bilete publiserast på vårt årsmøtet i mars.

Les heile saka

Tapt og funne: Rompetaske for skismøring

Jon Olav Ørsal Fredag 22. januar 2021

Ei rumpetaske for skismøring vart torsdag funne på strekninga mellom Todalskysset og Todalen  – og er levert inn som hittegods hos Matkroken i Todalen.   Er det du som har mista utstyret så er det berre å stikke innom butikken så kan det ligge an til gjenforening!


Surnadal Sparebank opnar dørene att

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. januar 2021

Frå torsdag 21.januar opna Surnadal Sparebank dørene att ved hovudkontoret på Skei. Avdelingskontora i Trondheim og i Kristiansund vil framleis ha stengte dører. Dette melder banken på sine eigne heimesider. 

Les heile saka

Rossåa settefiskanlegg med planting av augerogn

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. januar 2021

I ein epost frå Monika Klungervik, ved Rossåa settefiskanlegg, har vi fått eit referat frå gårsdagens planting av augerogn i Toåa ovanfor Ramsøya. Augerogn er laksefoster som har fått synlege auger. Tida det tek frå stryking, som skjer i oktober, og fram til det har blitt augerogn, tek rundt 220 DGR (døgngrader) og er såleis direkte påverka av temperaturen i vatnet i elva. Vanlegvis skjer plantinga av augerogn i Toåa i slutten av februar eller i starten av mars. Sidan temperaturen i Rossåa siden oktober har vore høgare enn vanleg, har augerogna vokse raskare og årets planting vart difor 1-1,5 månad tidlegare enn vanleg. 

Les heile saka

Viktig bidrag frå Grasrotandelen

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. januar 2021

Hos Norsk Tipping er det høve til å tilgodesjå lag og organisasjonar med ein såkalla grasrotandel. Det er du sjølv som bestemmer kven som skal tilgodesjåast, og det er 7,5% av speleomsetninga hos Norsk Tipping som blir bruka på den måten. Lag og organisasjonar kan registrere seg hos Norsk Tipping og bli godkjent som mottakar av grasrotandelen.  Her i Todalen er det Todalen Idrettslag som toppar tabellen, og tok i mot kr 39.160 i grasrotandel i fjor. 

Les heile saka

«Barn i løypa» i plussgrader

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. januar 2021

I kveld var det «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste +2 grader, så ein kan trygt seie at det var ein mildvêrskveld i forhold til førre onsdag, da gradestokken viste -13 grader. Rett nok var det litt vind, så den verkelege temperaturen var nok litt lågare enn det gradestokken viste. Men det var kjempefine forhold i nypreparerte løyper og få, eller eigentleg ingen, utfordringar smøre-messig. 

Les heile saka

I veke 4 tek koronavaksineringa av heimebuande over 85 år til

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 20. januar 2021

Neste veke (veke 4) startar Surnadal kommune så smått opp med koronavaksinering av dei som er over 85 år, og som bur heime. Det er ikkje nødvendig å kontakte kommunen for å få tilbod om vaksinering. Dei det gjeld blir kontakta på telefon innan tysdag 26.januar klokka 16:00.

Les heile saka