Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ræta Opp 2021: Håvard leia frå start til mål

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. juni 2021

Det var vel inga overrasking at Håvard Gjeldnes fekk bestetid i mosjonsløpet «Ræta Opp» under Todalsdagen 2021 som vart arrangert på Bordholmen laurdag.  Håvard leia løpet frå start til mål, men han hadde heile tida Kristoffer Nordvik hakk i hel, og måtte berre gi på for å halde unna.  26 sekunder var differansen ved målgang på Bordholmen.  Håvard fekk tida 11.04, medan Kristoffer fekk 11.30.  I dameklassen var det Lisabeth Sæterbø som fekk bestetida på 13.46, medan Mari Lien kom på andreplass med 29 sekund på etterskot.

Totalt var det 74 deltakarar som fullførte Ræta Opp, men det var sjølvsagt mange som tok det som ein tur, uten å være med og kjempe om bestetid eller rekordtider.  Rekorden er det forresten Håvard Gjeldes som har frå 2019, men den står vidare etter dagens løp.  Her kan du laste ned heile resultatlista etter dagens Ræta Opp 2021

 

Kristoffer Nordvik går i mål etter eit imponerande løp og 2. plass.. Foto: Jon Olav Ørsal

Lisabet Sæterbø går i mål til bestetid i dameklassen på 13.46 – 29 sekund framfor Mari Lien som vart nr 2. Foto: Jon Olav Ørsal

MiniRæta samla full innsats hos den yngre garde – løypa gikk ein rund rundt løparbanen på Bordholmen. Foto: Jon Olav Ørsal

MiniRæta samla også mange deltakarar – det er løpet for den yngre garde, og var gjennomført med stor innsats, sjølv med 2-3 fotballkampar i beina.  Heilt utruleg kor stor glede og innsats borna viste under dagen runde rundt løparbanen på Bordholmen.  Det var lett å sjå at det var på tide at breiddeidretten vart sleppt laus igjen etter meir enn et år i karantene.

Lisabet Svinvik med gavekort og drikkeflaske etter løpet. Foto: Jon Olav Ørsal

Tommelen opp for Ræta Opp – Håvard knep Kristoffer med 26 sekund i dag. Foto: Jon Olav Ørsal

Stas å få medalje for deltaking på MiniRæta. Ingvild Kårvatn har vore primus motor for Ræta Opp – i år er det 10. gong den arrangerast. Foto: Jon Olav Ørsal

Startkontingenten  frå dagens løp gikk uavkorta til Blodbanken i Kristiansund – meir om dette i ei eiga sak om Blodbanken.  

 

Publisert: 26. juni 2021, 13:16