Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvelden før den store dagen

Jon Olav Ørsal Fredag 25. juni 2021

Det er i kveld mange baller i lufta for å få alt på plass til årets Todalsdag for 2021.  Arrangementsstaben ser ut til å ha full kontroll, og kvar og ein står på og har mykje gammel rutine å flyte på.  I Todalen ungdomshus var Lars Stensby og Jon Olav Roaldset i gang matlaging – halvfabrikkata til morgonsdagens store grillsatsing var på gang, med blant anna potetsatat og grønnsalat i store mengder var snar ferdiglaga.

Påtroppende og avtroppande leiar i Todalen IL – Michal Heimlund og Nils Ove Bruset var engasjerte med transport av spisebord og stolar. Foto Jon Olav Ørsal

På Bordholmen var det også stor aktivitet, der transpot av bord og stolar var i full gang og siste finpuss og merking av fotballbanen på det nærsate var feridg.  Elles var restauranttelt kome i halvreisinga og salgsgjengen låg i startgropa for å rigge til kjøkken og utsalplass for mat og drikke.  Sjølv om det såg ut som at det var ein del arbeid som står att så er nok alt på plass når dagen gryr i morgon.

Rune Moe er banemannskap og tek siste finpussen på banen – i morgon blir det nok full trøkk på fotballbanen utover heile dagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Med over tretti lag som skal ta del i fotballcupen så er det nok mange små fotballtalentar som førebur seg rundt omkring i mange heimar på Nordmøre.  Fotballdrakt og fotballsko ligg klar til bruk, og da er det berre å finne vegen innover til Todalen og Bordholmen – for det er der det skjer i morgon.  Mange er det nok også som skal starte på Ræta Opp eller MiniRæta og springe inn pengar til Blodbanken i Kristiansund.  Det blir nok ein flott festdag både for arrangøren og for deltakarane – Lykke til!

Publisert: 25. juni 2021, 19:56