Komande torsdag, 2. september, er det Sjøasetervatnet som står for tur på terminlista for stavgangarane i Surnadal Pensjonistlag. Som vanleg blir det start kl 11, og deltakarane samles ved bommen ved Sjøasetra sor samkjøring opp til vatnet. Samling til kaffepause ved hytta til Kirsten Drøfting. Alle er velkomne til å bli med!
Les heile saka
Dags for litt vedlikahaldsarbeid på busskuret/postkassestativet i Lauvåskogan. Det vart sett opp rundt omkring tusenårsskiftet, og no var det behov for nye torvhaldkrokar. Dei gamle var laga ev einer, og hadde rett og slett råtna opp. No vart dei bytte ut med nye i galvanisert jarn. Dei tre pensjonistane, Svein Åge Saksen, Kristian Gjeldnes og […]
Les heile saka
Fredag 3.september mellom klokka 12:00 – 17:00 blir det ope gardsutsal hos Lia gard. Førehandsbestilling av skulebollar og/eller grovbrød innan onsdag 1.september klokka 18:00. Følg Lia gard på Facebook: «Lia gard på Facebook»
Denne gongen kan Lia gard freiste med:
Les heile saka
Søyacupen 2021 vart ein suksess på alle måtar. Fint vêr, mykje folk, stor innsats frå alle spelarane, god mat og eit velorganisert arrangement, bidro til suksessen. Årets utgåve av Søyacupen hadde 57 påmeldte lag og rundt 400 spelarar kosa seg i godveret.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 30. august på i Toåa tursti. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Dei tre konfirmantane i Todalen kyrkje vart endeleg konfirmert søndag. Konfirmasjonen var planlagt på vårparten, men det sette viruspandemien med Covid 19 ein stoppar for. Men denne gongen vart det og da vart konfirmantane belønna med ein skikkeleg finvêrsdag. Samtidig hadde Kristin Strand si aller siste gudsteneste i Todalen kyrkje – ho har egentleg slutta, men ville «være med» konfirmantane og sjå dei vel i mål.
Les heile saka
I går kveld arrangerte Todalen sokneråd og slåttagjengen på kyrkjegarden dugnad på kyrkjegarden. Så no er kyrkjegarden ny slått og klar til helgas konfirmasjonsgudsteneste og hausten som kjem. Graskløpparen heldt akkurat ut, så no må den inn på service for å gjerast klar til neste år. Med andre ord, god timing!
Les heile saka
I dag gjekk turen til Oppistu-setra på Hjellnes, og 16 personer møtte fram for å gå turen, inklusiv tidligere eier av setra. Etter å ha lagt bak oss to regntunge dager viste værgudene seg godlynte i dag, og vi fikk en fin tur i solskinnet. Vi var godt fornøyd med deltakelsen da storparten av pensjonistene er ute på busstur. God trim var det også med stort sett bare motbakke fram til setra.
Les heile saka
Tysdag 31.august tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Vaulen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Solåsvatnet. Derifrå er det omlag ein times mars i lett terreng inn til Vaulen.
Les heile saka
I dag var Øyvind Svinvik med gravemaskin, og Tore Svinvik med motorsak, på plass på rasstaden i Svinvikrunden og rydda bort tre og massar etter raset. Bengt Svinvik var HMS ansvarleg, og såg til at arbeidet vart forskriftsmessig utført. Så no er det mogleg å gå Svinvikrunden. Surnadal har bidrege økonomisk til arbeidet fortel Tore Svinvik.
Les heile saka
Talgø MøreTre i Surnadal og Fannrembedrifta Orkel har på ein måte «funne kvarandre». Begge selskapa har funne ut at det ligg store verdiar i avfall og begge har gjort noko med det. Hos Talgø MøreTre går det rundt 100.000 m3 med trelast gjennom høvleriet, som lagar rundt 25.000 m3 spon som avfall frå produksjonen. Orkel har sia 80-talet laga rundballpresser, og har dei siste åra utvikla presser som pakkar mykje anna enn gras i rundballane.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem er i normal drift frå kl 22.30