Onsdag var den første dagen med konkurranse under EM i randonee, som går i den spanske landsbyen Vall de Boi som ligg i Catalonia på ca 1100 meter høgde og har eit folketal på rundt 1000 kan vi lese på Wikipedia. Det norske Randoneelandslaget er på plass med ei tropp og fekk i dag bryne seg i på konkurrentane frå Europa. Erik Kårvatn frå Todalen deltek i 20-årsklassen, saman med Trym Dalset Lødøen frå Nordfjordeid. – I dagens prolog kom Lødøen på 17.-plass og Kårvatn på 20.-plass. I kvartfinalane kom begge på 4.-plass i kvart sitt heat, og dermed var det stopp.
I dameklassen U-18 deltek Malin Indergård frå Romsdal og trønderjenta Ida Waldal, og dei to kom på 3.- og 4.-plass i prologen og gikk dermed vidare. Ida kom på 4.-plass i heat 1 og Indergård på 3.-plass i heat 2. Dermed var det duka for finaleplass for Indergård, som i der kom på 6.-plass.
I spanske Vall de Boi fortsetter randonee-EM med vertikal torsdag 10., individuell laurdag 12. og stafett søndag 13. fabruar, så det er fleire sjansar for dei spreke ungdommane!