Tysdag 28. juni klokka 18:00 blir det ryddedugnad på Bordholmen stadion. Da skal det ordnast til Todalsdagen 2022, som blir arrangert på Bordholmen 2. juli. Det skal kløppast gras, ryddast, settast opp telt og litt anna forefallande arbeid, som å flytte benkar og settast opp gjerder.
Les heile saka
Tysdag var områdeutvala i Nordre- og Søndre Nordmøre vannområde på befaring og møte i Todalen. Dei to utvala hadde felles program med befaring, og var etterpå samla på Todalshytta for lunch. Etter lunch hadde dei to utvala og lokale representantar felles møte
Les heile saka
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til vakre Vindøldalen. – Vi var litt i tvil, men Fjellgruppa trossa vermeldinga og køyrde til den kanskje finaste fjelldalen vår, seier ein entusiastisk Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Les heile saka
Frode Grønmyr sitt fine bilete av flagg og flaggspett vant velfortjent månadens bilete denne gongen. Kopp med logo vil bli overbragt snarest.
Les heile saka
Fredagens Jonsvaka-konsert i Åsskard kyrkje mønstrar eit stort ensemble under tittelen «Tonar til alle tider».Operasongarane Sigrid Bøe, Turid Røen Kroknes og Erik Rosenius har med seg godbitar av Grieg, Strauss, Larsson, Bach og andre. Dei får tonefølgje av pianist Tor Strand, oboist Ebba Ringmar og ein profesjonell strykekvartett med tvillingane Åse og Anne Aaknes, Synnøve Hammervold og Eivind Rossbach Heier.
Les heile saka
I starten på skuleferien, kan Surnadal kino by på Elvis, western og animasjon. Alle western-entusiastar bør få med seg Old Henry, ogg berre kort tid etter at Kjell Elvis besøkte Surnadal, så kjem jaggu «Kongen» tilbake på, men denne gongen på det store lerretet! Det er Laksedagar i helga, og det gjer det for tungvint å vise film fredagskvelden, så da blir søndag den «store» kinodagen»!
Les heile saka
Torsdag 23. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang rundt Betnaneset i Heim kommune. Parkering og start ved idrettsplannen. Etter stavgangturen blir det kafferast på låven til Helge Røv.
Les heile saka
I kveld var det toppoppgjer i 6. divisjon mellom Søya (3.plass) og Eidsvåg/Eresfjord/Vistdal. Da laga møtte kvarandre for nokre veker vart resultatet 1 – 1, så det alt låg til rette for ein jamn kamp, noko det også vart.
Les heile saka
Riktig godt og varmt ver, god stemning og mange med på tur – retteleg triveleg avslutning på Kløvertursesongen våren 2022.
Les heile saka
Svorka melder om strømutkobling i kveld på grunn av nødvendig arbeid på strømnettet. Dette gjelder områdene Skeisnebba til Melhus, Todalen og Stangvik/Torvik. Strømutkobling fra kl 22:00 mandag kveld til kl 06:00 tirsdag morgen. Har du spørsmål kan du ringe vakttelefonen 924 20 050.
Klassekampens sommerbåt går i år frå Trondheim til Bergen, og det er galeasen Svanhild som sørgjer for sjøvegs transport for reisefølgjet. Frå Trondheim gikk turen til Frøya, vidare til Smøla og så til Surnadalsøra/industrikaia der båten er kveld. Bladfykane arrangerer på sin tur nedover Vestlandet både debatt, konsertar og panelsamtalar og er på jakt etter gode saker
Les heile saka
Onsdag 22. juni, arrangerer Svinviks arboret nok ei «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa. Svinviks arboret kan også freiste med fotoutstillinga «Store lille verden» som Jõrg Brunke akkurat no har i den gamle billettbua i arboretet.
Les heile saka