Kristiansund og Nordmøre turistforening søker etter nytt vertskap på Todalshytta fra sesongen 2014. Åse Grydeland Øyen har takka av etter mange sesonger som vertinne ved Todalshytta. Todalshytta har i dag 28 senger, og tar i mot både fotturister, dagturister med bil og arrangerer selskap som bursdager og bryllyp.
Les heile saka
Fleire rundar med storm og mykje styggvær i haust har sett Svorkas linjenett på ein skikkeleg prøve. Nokre linjeskadar har det vore, men stort sett har det dreid seg om trefall over linja. No vil Svorka Energi ta ein sjekk på linjene, før det blir full vinter.
Les heile saka
No er det høgsessong for nissen, og i dag gjekk barna i barnehagen til nissen med graut. Vi fann nissen i Austistua. der han satt og kvilte seg. Nissen var glad for grauten han fekk, og til takk fekk barna rosiner.
Les heile saka
Todalen var i ettermiddag uten tilgang på Internett frå Svorka Aksess ei stund. Feilen vart retta etter kort tid, og no skal todalingane være «på lufta» igjen.
I kveld var det tradisjonell juleavslutning ved Todalen Oppvekstsenter, i ordets rette forstand. Ungane hadde øva inn ein heil mengde med nummer som dei stolt viste fram for foreldere, søsken og besteforeldre. Her var det både tekstlesing, diktlesing, dramatisering og ikkje minst julesongar i alskens variantar, både på norsk, engelsk og belgisk.
Les heile saka
Måndag var det meldt storflo med mellom 40 og 80 ca høgare vannstand enn vanleg. Med stormvarsel frå Stadt til Helgelandskysten i tillegg kunne det har vorte skikkeleg stormflo i 10.30-tida i dag. Stor flo var det, men vi har nok hatt mykje høgare målingar ved tidlegare høve.
Les heile saka
Her er eit lite tilbakeblikk frå da Stangvik skulekorps var på Skulekorpsstemne i Åndalsnes i 1991. Det er stemnereiseleiar May Elisabeth Holten som har vore i eit dypdykk i albumet sitt , og kan fortelje om fleire liknande bilete.
Les heile saka
Kjøp revybillett reklamerer handelsmann Nordvik når vi er innom Matkroken. Frå i dag er revybillettane i salg på Matkroken L.Hals, og dei kan by på to forestillingar 3. juledag – ein førpremiere kl 15.00 og hovudforestillinga kl 20.00 om kvelden. 3.-dagsfest og julerevy har lange tradisjonar i Todalen. Det er no fotballgruppa i Todalen idrettslag […]
Les heile saka
Gunvor Fuglevåg er i gang med utkjøringa av juleposten. Ho har i snart 20 år kjørt ut post til todalingane, men har no gjorte 40 års tjeneste i Posten til saman. Nyleg var ho i Oslo for å ta i mot ei markering, saman med mange kolleger som hadde jobba i 25- eller 40 år […]
Les heile saka
Laurdag ettermiddag arrangerte Todalen sanitetsforeing årets siste strikkekafe i Sanitetshuset. Vår utsendte passa på å stikke innom akkurat da det var kaffeservering, da vi har gode relasjoner til trakteringa som sanitetskvinnene byr på.
Les heile saka
I dag har borna i Todalen oppvekstsenter vore opptekne med Lucia-tog og nissemars. Småskulen gjekk Luciatog både i barnehagen og på skulen. Etterpå smaka det godt med nybaka lusekatter! SFO arrangerte nissemarsj og gløgglag med sjølvlaga pepperkaker til.
Les heile saka
Eit nytt månadsskifte er passert med god margin, og vi er klare med avstemninga for månadens bilete i november.
Les heile saka