Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli medlem – støtt arbeidet vårt med ein hundrelapp

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. april 2014

Tysdag ettermiddag sitt Mari Redalen på Matkroken L. Hals og selger støttemedlemskap i Todalen.no. Dersom du bidreg med ein hundrelapp blir du støttemedlem, og yter eit bidrag til arbeidet med å få ut ferske og lokale nyheiter frå Todalen på nettsida vår. Mari har ei lita overrasking til alle som tegnar støttemedlemskap no i påsketida – eit gratis sitteunderlag med Todalen.no-logo på.

Sitteunderlag_9695

Flotte sitteunderslag med Todalen.no-logo på. Teiknar du støttemedlemskap for ein hundrelapp er det gratis! Foto: Jon Olav Ørsal

Sitteunderlaget er lett og sammenleggbart, og det er høveleg å putte i sekken når du skal ut på tur.  For alle tidlegare medlemar kostar det kr 60, og for ikkjemedlemar kr 100 pr stk.  Nytt sjangsen til å bli støttemedlem no, for Mari blir sitjande i Kaffekroken på Halsbua fram til kl 18 i dag på tysdag!

 

Publisert: 15. april 2014, 14:44