Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reisebrev frå Tanzanaia: Habari ya leo?

Ingvild Stensby Torsdag 17. april 2014

Det var altså ”korleis-har-du-det-i-dag-helsing» på swahili, som er det offisielle språket i Tanzania! Eg studerar fysioterapi ved Høgskolen i Bergen. Dette er  andre året mitt, og har no nettopp fullført 3 månadar med praksis i Tanzania. Eg har denne perioden arbeidd på eit internasjonalt sjukehus i Dar es Salaam og Moshi. Sjukehuset, CCBRT, er drevet av midlar frå Europa, Canada og Australia og har i tillegg arbeidskraft og innflytelse frå heile verda. Eg reiste nedover med ei god venninne og medstudent, Carina. I tillegg hadde vi to fysio-medstudentar frå Minnesota, USA, som vi samarbeida med under opphaldet.

Sjølv har eg alltid hatt lyst til å oppleve Afrika frå innsida, og ein av grunnane for at eg valte å studere i Bergen, sidan dei hadde utvekslingsprogram med Tanzania. Før eg drog nedover visste eg eigentleg ikkje kva eg gjekk til. Praksismessig, og tanken på læreutbytte, var både eg og Carina veldig spent på. Hadde dei noko kunnskap og lærdom å lære bort? Er behandlingsforma noko vi kan ta nytte av seinare? Og ikkje minst korleis blir det med kommunikasjonen?

Bilde_04

Ingvild og to fysiokollegar har trening med pasientar. Her læres bekkenmuskulaturkontroll. foto: Ingvild Stensby

Men, Afrika overraska – og leverte. Dei hadde god utdanning, kunnskap og tala godt engelsk. Nokre av plassane vi praktiserte på hadde til og med likt journaloppsett som her i Noreg. Klart det var noko av behandlingane under praksisopphaldet vi var ueinige i, men dei var opne for innspel frå oss. Problemet innanfor kommunikasjon var at pasientane ikkje tala engelsk, så vi måtte pugge swahili på kveldstid slik at vi kunne kommunisere med dei. Om det vart for vanskeleg, var kollegaene våre flinke til å oversette for oss.

Arbeidsdagane var lange og stressande, vi jobba 07.30-16.00 måndag-fredag. Det sto ikkje på å få pasientar, for køane var lange og det var mange som skulle ha hjelp. Vi har fått opplevd diagnosar som vi truleg aldri får sjå i Noreg, men likevel mange andre diagnosar som og er vanleg her heime. På helg og dagar vi hadde fri, var vi på oppdagingsferd rundt om. Då reiste vi blant anna til Zanzibar på weekend, historiske plassar rundt Dar es Salaam, fjellturar og blant anna dagstur til Masaileir der vi fekk kle oss ut som masai og bli med på tradisjonell song, dans og aktivitetar. Sjølvsagt var vi og på typiske turistattraksjonar som safari, og topptur til taket av Afrika, Mount Kilimanjaro 5895 moh.

Bilde_09

Ingvild, Carina, Katie, Iema og Freddy på toppen av mount Kilimanjaro. Vi gjekk ruta Machame og bruka 6 dagar på turen. Katie er vår amerikanse medstudent og Iema og Freddy var guidane våre.

Opphaldet var ein kjempesuksess og eg har aldri opplevd at 3 månadar kunne gå så fort forbi. Det er to vidt forskjellige verder, her heime og Tanzania, men likevel blir du heilt overvelda av landet og folket, og har lyst til å reise ned for å jobbe eit år eller to etter at studia er avslutta om eit par år.

Likevel er det da alltids godt å koma heim igjen til ”dalen”. Påska skal feirast med turar i Todalsfjilla og avslapping på Nedbretthæja, slik at alle inntrykka kan få tid til å kome ordentleg inn.

Tutaonana badaye, Tanzania!

Nedafor kan du sjå nokre av bilda frå opphaldet i Tanzania.   Alle foto: Ingvild Stensby

Publisert: 17. april 2014, 06:00