Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mobilen på lufta igjen

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. april 2014

Tysdag straks før kl 15 var begge mobilnetta på lufta igjen etter rundt eit døgns fråvær. Feil på Telenors linje inn til Todalen slo i går ut både Telenors- og Netcoms mobilnett, og delvis har også fastnettet vore ute av drift på enkelte nummerserier. Dette har mellom anna skapt problem for enkelte trygghetsalarmar og ikkje minst når det har vore behov for akkutt helsehjelp eller anna alarmtelefonar.

Det einaste telefonsambandet som har vore oppe heile tida er IP-telefonane med breibandsleveranse frå Svorka Aksess. Disse har ikkje vore berørt av driftsstansen på linjenettet til Telenor.

Vi som er «hjarte-karra», synes det er veldig uhelding med slike telefonutfall. Det blir utrygt- og uvisst om ein kan nå gjennom på telefon, dersom ein får problem som krev at ein raskt kjem i kontakt med lege eller anna helsehjelp, seier Jon Bjarne Husby som på biletet gir uttrykk for valgets kvaler for kva nett han skal velge for å være trygg.

Ordførar Mons Otnes hadde ennå ikkje i 16-tida fått beskjed frå Telenor om at feilen var retta, men sidan vi veit han er ein habil todalen.no-lesar, reknar vi med han er orientert.

Publisert: 15. april 2014, 15:04