Under familiedagen i Stangvik 28. juli var det også opning av kunstutsillingar i «Galleri Bondehuset». To av kunstnarane der var Brit Dyrnes og Jørgen Moe.
Les heile saka
Under familiedagen i Stangvik 28. juli var det også opning av kunstutsillingar i «Galleri Bondehuset». To av kunstnarane der var Brit Dyrnes og Jørgen Moe.
Les heile sakaEllen Magritt E. Skogrand hadde fredag ein fin topptur til Snøfjellet via Bjøråskaret. På turen nedatt mista ho tursekken sin, ein blågrøn Bergans sekk. Ho mista den på venstre side ved det partiet der ein må klatre mellom to steinar.
Les heile sakaOda Halle hadde mange hjelpande hender da ho inviterte slekningar til slåttonntreff. Det vart sett opp ei hesje nærast som eit demo-prosjekt, der vidareføring av konpetanse var ein del av prosjektet, medan den sosiale biten som ligg i å treffast og gjera ting i lag var ein like så viktig del.
Les heile sakaStangvik Grendalag og Stangvik Historielag inviterte fredag 28.juli til kunstvandring langs «Den Trondhjemske postevei». Og ikkje mindre enn 150 personar var med på vandringa frå Vang til Bondehuset i Stangvika.
Les heile sakaRute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna akutt sjukdom blir sambandet innstilt frå kl 21:15 til ruteslutt i kveld. Det vert normal drift frå rutestart laurdag morgon, melder Fjord1 i en driftsmelding.
Alternativ for omkjøring er via Fjord1s rute Halsa – Kanestrøm eller via Oppdal/Nerskogen.
Torsdag formiddag kom det opp eit nytt og stort skilt i Brusetkrysset som tydeleg viser veg opp bakken til Todalshytta.
Les heile sakaTysdag 1. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til haustsesongens første fjelltur. Da går turen til Liagarden.
Les heile sakaFjord1 melder om endring på rute 1061 Kvanne – Rykkjem i kveld: Avgang fra Kvanne 21:00 og fra Rykkjem kl 21:15 blir i dag innstilt. Avgang fra Kvanne 21:30 blir utsatt til 22:00, deretter normal drift i sambandet.
SISTE: Kl 18.15 melder Fjord1 at det blir normal drift i sambandet i kveld!
Fredag 28. juli, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Lia gard til «sommarope» bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
Les heile sakaSøya og Todalen Skytterlag er forlengst i gang med skyteprøve for storviltjakta. Kvar måndag skveld i juni, juli og august er det skyting på lagets bane i Ranheimsvingen. Alle må dokumentere 30 prøveskot på to kveldar, før dei får prøve seg på skyteprøven som foregår på dyrefigur. Skyteprøve består av 5 skot mot dyrefiguren og alle 5 må være treff innafor ein sirkel på 30 cm.
Les heile sakaSesongen for Stikk UT!-sommar er no halvgått, og det er stor aktivitet i Stikk UT!-turane i Todalen. Toåa tursti har klart flest besøk i Surnadal kommune.
Les heile sakaKomande tysdag, 25. juli, inviterer Todalshytta til balldag. Tysdag har du altså sjansen til å teste ut ein nordmørsk tradisjonsrett på Todalshytta. Da er det nemleg klart for sommarens store balldag, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Potetball og sildball serveres denne dagen i tidsrommet 15 til 19.
Les heile saka