Tysdag 24.november klokka 18:00 startar Surnadal Jeger og Fiskeforening oppatt med innandørsskyting på Angråmyra skytebane. Skytinga vil gå føre seg på Surnadal Skyttarlag sin nyrenoverte innandørsbane på Angråmyra skytebane, og avstanden det blir skote på er 15 meter.
Les heile saka
Dersom du, frå og med i dag, skal ta bussen til Trondheim må du no bruke munnbind. Bakgrunnen for dette er at Trondheim kommune har innført påbod om munnbind på all kollektivtransport. Dette inneber at alle som reiser med FRAM Ekspress si rute 905 Surnadal – Trondheim – Surnadal blir omfatta av dette påbodet.
Les heile saka
Tysdag kveld var det medlemsmøte og tid for å dele ut 4H-merke og skeier til medlemmane i Start 4H. Dette er det synlege beviset på at prosjektet dei har jobba med gjennom året er godkjent og bestått.
Les heile saka
Surnadal Sparebank melder på si heimeside bank.no, at den planlagde temakveld med «fremtidsfullmakt og ny pensjonskonto» på agendaen, er som følge av Koronasituasjonen utsett på ubestemt tid.
Les heile saka
Måndag 16. november starta med trugande skyer i nordvest, men regnet heldt seg heldigvis utanfor Kammen og Kløverturgjengen fekk ein retteleg fin turdag.
Les heile saka
For andre var det kanskje ein vanleg måndag i november, men for Liv Jorunn Bævre Moe, Åse Ville Redalen og Kari Kvendset var det i dag på tide å brette opp bakstermane og knyte på forkleet for det som er eit av høgdepunkta i førbuingane til jul. For 35. gong var dei samla til å […]
Les heile saka
På sine heimesider bank.no melder Surnadal Sparebank no at alle Covid19 testane, som vart tekne av dei tilsette ved hovudkontoret i Surnadal fredag ettermiddag, var negative. Dette inneber at banken frå og med tysdag 17.november vil vere open for publikum og at drifta vil gå som normalt att.
Les heile saka
På sine heimesider bank.no melder Surnadal Sparebank at dei held stengt i dag, måndag 16.november. Bakgrunnen for stenginga er at alle tilsette i banken, før helga vart testa for Covid19, men at dei ikkje har fått svar på desse testane enno, og ser seg difor nødt til å stenge dørene for publikum.
Les heile saka
Jula står snart for døra, og på Surnadal kino dominerer i desse dagar julefilmane programmet. Filmane som akkurat no står på programmet er alle familiefilmar. Så her er det mogleg å ta med familien på kino, for å koble av litt i juleførebuingane.
Les heile saka
I Bekkerhagen var det full fart med strikkhopping da vi passerte, og på spørsmål om eg fikk ta eit bilete så var det velvilje til det. Men umiddelbart kom det eit kontraspørsmål frå Markus om det gikk an å ta eit bilde i lufta. Og Ådne og selma var sjølvsagt med på leiken – men det måtte to forsøk til før vi lukkast.
Les heile saka
Laurdag 21.november klokka 13:00 opnar Surnadal Kunstforening si utstilling «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Utstillinga er opa fram til søndag 6.desember, , todalingen Sissel Halset Storslett er ein av utstillarane.
Les heile saka
Fordi om registrering av stikkutturar til fots er slutt for i år og premiering av trimturane til TIL-postane så er det ingen grunn til å legge trimturane på hylla for i år. Det er enno fint føre for å ut i naturen og jammen er det godt å kome seg ut. I dag vart det rundt 10 varmegrader da frukosten godt og vel var unnagjort og dermed vart det tur til Hyllå (Ja-benken) med start frå Flathauan. Dette er ein forholdvis ny trimpost, der du får den flotte utsikta over nedre del av bygda som premiering når du kjem fram.
Les heile saka