Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Status frå kommuneleiinga om situasjonen for barnehagar og skular

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 10. mars 2021
Regjeringa varsla i går at det ikkje vart nye nasjonale tiltak no. Barnehagar og skular er framleis på gult beredskapsnivå. Det er eit overordna mål å skjerme barn og unge og halde barnehagar og skular opne, men det kan raskt kome endringar, her òg.
Regjeringa har varsla raske tiltak dersom smittesituasjonen forverrar seg. Dette er tiltak som òg vil ramme barnehagar og skular, og som føresette og tilsette bør kjenne til.

Tiltak som kan bli innført

Ved behov vil det i ein periode kunne bli aktuelt å innføre ordningar som å dele barna i mindre grupper, auka bruk av uteskule, auka avstand mellom vaksne, og mellom vaksne og barn. Det vil også kunne bli vurdert bruk av munnbind i nokre situasjonar og bruk av digital heimeundervisning. Det kan bli nødvendig å endre oppmøte og slutt-tidspunkt, og endre skuleskysstilbod. Avgangselevane vil bli prioritert.

Vi deler regjeringa si vurdering av at det er større usikkerheit knytt til risikoen ved framtidige smitteutbrot. Dette skuldast særleg at dei muterte virusvariantane spreier seg raskare og at dei har dukka opp mange stader i landet. Det er ein auke i smittetilfelle, sjølv om det er sett i verk fleire kraftige tiltak der det er utbrot.

Surnadal kommune planlegg for å oppretthalde tilbod til barn og unge. Vi forstår at regjeringa har varsla strengare tiltak, sjølv om vaksineringa er godt i gang. For å unngå alvorleg sjukdom fram til vaksineringa er fullført, er det framleis behov for eit godt førebyggande smittevern.

Regjeringa vil kome tilbake med reiseråd kring påska. Vi anbefaler at vi prøver å unngå unødvendige reiser til område der det er meir smitte.

Vi er no i opptrappingsfasen av vaksineringa, og vi har håp om at vi skal ha god kontroll over situasjonen innan barnehage – og skuleåret er ferdig i juni 2021. Vi har vore så heldige å unngått smitte på sjukeheimen og vi har unngått alvorleg sjukdom.

Dette skuldas stor innsats frå alle i Surnadal.

Takk for at de held ut – litt til.

Publisert: 10. mars 2021, 13:00