I ei pressemelding frå Surnadal kommune i dag, får vi opplyst at koronavaksineringa ikkje tek sommarferie, slik at vaksineringa vil gå gjennom heile sommaren, utan opphald. Nedanfor kan du lese heile pressemeldinga frå kommunen:
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune i dag, får vi opplyst at koronavaksineringa ikkje tek sommarferie, slik at vaksineringa vil gå gjennom heile sommaren, utan opphald. Nedanfor kan du lese heile pressemeldinga frå kommunen:
Les heile sakaFrå og med fredag 30.april viser Surnadal kino den danske oscarvinnaren «Et glass til» og dokumentarfilmen «Generasjon Utøya» der vi møter fire av dei som var på Utøya da tragedien hende for snart 10 år sidan – og som ikkje har gjeve opp sitt politiske engasjement.
Les heile sakaMatkroken Todalen informerer om avvik i opningstidene ei rekkje dagar i mai. Maidagane er prega av både arbeidaranes dag, kristi himmelfart, nasjonaldagen og pinsehelg. Nokre dagar er det kioskope og eit par dagar – 17. mai og 1. pinsedag (23. mai) er butikken helilt stengt.
Les heile sakaEin vaksen mann i Surnadal har i kveld fått påvist smitte, skriv Surnadal kommune i ei pressemelding i kveld. Personen er sett i isolasjon og ein nærståande person er sett i karantene. Smitten er sannsynlegvis oppstått i forbindelse med reise til Trøndelag. Så langt i smittesporinga er det ingen lokale forgreiningar til dette smittetilfellet.
Nedteljinga til 1.mai og oppstart av ein ny Stikk UT!-sessong har vore i gang i lang tid. Frå laurdag blir det mogleg å registrere kodar att, og det meste skal vere på plass, melder Nordmøre og Romsdal friluftsråd i ei pressemelding tysdag kveld.
Les heile sakaOnsdag føremiddag var den tillyste linjeinspeksjonen på Svorka-netter fort unnagjort. I løpet av ein liten time var heile seansen unnagjort og folk rakk nærast ikkje å slå på kameraet før helikopteret var borte igjen.
Les heile sakaUngane i Todalen barnehage syntest det var stor stas å få besøk av sanitetskvinnene Jorunn og Kari, dei kom med godsaker til ungane og blomster til dei tilsette. Det er godt for alle å bli gjort litt ekstra stas på i litt uvanlege tider!
Les heile sakaVi har fått ei pressemelding frå Amfi Kreativ, der dei informerer om at årets vårmagasin for Surnadalsregionen kjem ut i dag.
Les heile sakaStyret i Todalen Idrettslag minner om årsmøtet torsdag 29.april klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Alle møtedeltakarar blir registrert med namn og telefonnummer, og får ved oppmøte tilvist plass. Dette i tråd med gjeldande smittevernreglar.
Les heile saka8.mai er det 76 år sidan dei tyske militære styrkane, som hadde okkupert Norge sidan 9.april 1940, kapitulerte vilkårslaust, og den andre verdskrigen, i Norge og Europa, var over. I samband med dette vil Indre Nordmøre Forsvarsforening i samarbeid med Nordmøre Brigadeveteranforening ha fleire markeringar både i Heim og Surnadal kommunar.
Les heile sakaDet er tid for russetreff igjen og vanlegvis er det eit sikkert vårteikn, men det siste året er det ikkje mykje som har vore sikkert – pandemien har prega både russefeiring og det meste av andre aktivitetar. At det arrangeres russetreff igjen er difor eit godt teikn og det ga også Liv Dalegg uttrykk for da ho ønska velkomen til russetreff i Kulturhuset måndag ettermiddag. I år vil russen få lov til å ha ei viss russefeiring igjen, i samråd med kommuneoverlegen.
Les heile sakaSnart er det klart for ny tursesong for Surnadal Pensjonistlags fjellgruppe. 11. mai er det klart for første tur som går til Kvalnesvika. Vi møtest på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje for samkjøring, på utlyst tid. Bur nokon slik til at dette medfører stor omveg, møter dei opp på parkeringsplassen der gåturen startar. Gåturen startar kl 1100 i alle høve.
Les heile saka