Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Månadens bilete: Kveld i Stangvik

Ole Petter Talgø Onsdag 7. juni 2017

For mai kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Kveld i Stangvik». Det var ei jevn avstemning med ein vinnar som var mindre enn 10 stemmer foran «Fint over skoddå», medan alle dei fire andre fekk mellom 15 og 30 stemmer. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbrakt ved første anledning.

Les heile saka

Bordholmen: Lagseriestemne kvar tysdagskveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. juni 2017

Lagseriestemna i friidrett er komne godt i gang – no blir det lagseriestemne for store og små kvar tysdag fram til ferien. Det er start kl 18.00 og dersom du vil kan du prøve på idrettsmerket på slike kveldar.

Les heile saka


Barnehagen med kunstutstilling

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. juni 2017

Barnehagen opnar utstilling i «Skulstuå» fredag 9/6 kl 14, og held ope til kl 16 på ettermiddagen. Dei håper at mange tek turen innom for å sjå noko av det som barnehagebarna har måla og teikna i løpet av våren. I vinter har barnehagen vore så heldige å fått sett utstillingar med Sissel H. Storslett og Reidar Østvik, og dei vart inspirert til å laga si eiga utstilling.

Les heile saka

Møte om gudstenesteordninga

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. juni 2017

Torsdag kveld kl. 19.30 vert det ope møte på kyrkjelydshuset på Skei om gudstenesteordninga som er i bruk i kyrkjelydane. Det er sokna Stangvik, Todalen og Åsskard som skal vurdere si ordning for hovedgudsteneste som vart vedteke og teke i bruk for nokre år sidan

Les heile saka

Siste fotterapi før sommaren

Elinor Bolme Måndag 5. juni 2017

Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 12. og tysdag den 13. juni på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.


Kioskope på 2. pinsedag

Jon Olav Ørsal Sundag 4. juni 2017

Denne helga er det kioskope på 2. pinsedag (måndag) i staden for søndag som er 1. pinsedag og søndag. Første pinsedag er høgtidsdag, og butikken er stengt på same måte som 1. juledag og 1. påskedag.  På 2. pinsedag butikken open som vanleg på søndagar frå 16.00 til 18.  HalsOil drivstoff kan du imidlertid fylle heile døgnet dersom du brukar kortautomaten – her får du både bensin, diesel og fargadiesel – verdens beste drivstoff hevdar handelsmann Nordvik.


Vakthald Laksefestival

Elinor Bolme Sundag 4. juni 2017

Todalen IL har også i år teke på seg vakthald og billettsalg under fredagens arrangement på Norsk Laksefestival. I den anledning er leiar Steinar Frøystad på utkikk etter frivillige som kan være med å bidra til kjerkomne kroner i klubbkassa. Dei treng totalt ca 28 stk, fordelt på vakter og bilettsalg fra ca 19.30 – 02.00.

Les heile saka

På Leikvin: Ein smak frå vikingetida

Jon Olav Ørsal Sundag 4. juni 2017

Laurdag vart vi frista av ein annonse frå folkemuseet i Sunndal som ligg på Leikvin. Dei kunne by på vikingemarknad, der du kunne oppleve ein snev av livet så langt attende som i jarnalderen. Vi dro til Likvin for å sjå og oppleve dette…..

Les heile saka

Ei allsidig skuleveke

Elinor Bolme Laurdag 3. juni 2017

Frå Britt Mossing, rektor ved Todalen Oppvekstsenter har vi fått ei lita helsing frå alle ulike aktivitetar som har foregått på skulen den siste tida.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for mai

Ole Petter Talgø Laurdag 3. juni 2017

Vi er over på den første sommarmånaden, og det betyr også at vi skal stemme fram månadens bilete for mai. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Her finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden og kan stemme på din favoritt.

Les heile saka

Pinsegudsteneste i Stangvik.

Torbjørn Brøske Fredag 2. juni 2017

Også i år vert det felles, stor pinsegudsteneste i Stangvik. Sokna i Stangvik, Surnadal, Rindal og Halsa er saman i denne gudstenesta, og representantar frå alle sokna vert til stades og mange aktive deltakarar vert å sjå og høyra i gudstenesta. – Nytt av året er at gudstenesta i endå sterkare grad får eit økumenisk preg da representantar frå den katolske kyrkja og den koptisk ortodokse kyrkja, som har regelmessige samlingar i Surnadal, også deltek aktivt.

Les heile saka